Til hjemmesiden
To personar smiler til kamera ved grøne planter.

Reiselivsdirektør Kasper Bendtsen Nielsen i Visit Telemark og dagleg leiar Anne Aasmundtveit i Vest-Telemarkrådet samarbeider om Merket for Berekraftig reisemål. (Foto: Styrk Fjærtoft)

– Grøne faktorar gir attraktive reisemål

Vest-Telemarkrådet og Visit Telemark jobbar vidare med Merket for Berekraftig reisemål i Vest-Telemark.

Publisert:

16. oktober 2024 blei Vest-Telemark offisielt tildelt Merket for Berekraftig reisemål og fekk diplom frå Innovasjon Norge. No startar arbeidet med å resertifisere Vest-Telemark som grønt reisemål.

Grøne faktorar

– Merket for Berekraftig reisemål er viktige rammer for å drive berekraftig!

– Noko av det me får ut av det handlar om at me får nokre grøne faktorar på plass som gjer Vest-Telemark attraktivt som reisemål. Me talar jo på tvers av reiselivsnæringa, til administrasjonen og dei folkevalde i kommunane, om kva utfordringar det er me skal løyse så me får eit betre reiseliv.

Det seier reiselivsdirektør Kasper Bendtsen Nielsen i Visit Telemark.

Me ser at det er viktigare og viktigare at næringa har grøne sertifiseringar på plass når særleg utanlandske operatørar skal velje tilbydarar og etter kvart destinasjonar i Norge.

Rigga for framtida

– Kva inneber dette merket for Vest-Telemark?

– Det er ein prosess som som gjer at me skal vere betre rigga for framtida og jobbe meir berekraftig, men også besøksforvalting og vidareutvikling av reiselivet er viktige faktorar. Bevisstgjering, seier reiselivsdirektøren.

Jobbe saman på tvers

Vest-Telemarkrådet ved dagleg leiar Anne Aasmudtveit er prosjektleiar for arbeidet som no startar for å resertifisere Vest-Telemark som berekraftig reisemål.

– Kvifor er dette viktig for Vest-Telemark?

– I arbeidet med sertifiseringa uttykte bedriftene glede over å jobbe saman på tvers. Matprodusentar, restaurantar, hotell og andre aktørar som til dømes skisenter såg gevinsten som ligg i å jobbe så tett saman. Oppgåva til Vest-Telemarkrådet er å sveise næringa betre saman.

– Vest-Telemarkrådet har trua på at det kjem noko godt ut av tett og forpliktande samarbeid, seier prosjektleiaren.

Besøksforvalting

– Kva skal i hovudsak skje gjennom året med resertifiseing?

– Ein felles handlingsplan med konkrete tiltak skal på plass. Så har eg håp om at me kan heve kompetansen når det gjeld besøksforvalting. Både innbyggarar, grunneigarar og reiselivet må arbeide for at Vest-Telemark utviklar seg i rett lei i sameksistens, seier Aasmundtveit.

Rett besøk

– Er det viktigaste målet fleire gjester og meir trafikk i Vest-Telemark?

– Arbeidet skal syte for at me som destinasjon stend sterkare for å kunne velje rette gjester på rett tidspunk! Me jobbar mot å få berekraftige lokalsamfunn der reiselivet er ein motor i verdiskaping og sysselsetting. Dét er ei utfordring i distrikta, seier Nielsen.

– For å kome dit må me ha eit godt felleskap for å finne retningen. Lukkast me med dette er bonusen meir besøk – men rett besøk, avsluttar reiselivsdirektøren som er prosjektansvarleg for at Vest-Telemark også vidare gjer seg fortent til Merket for Berekraftig reisemål. 

Dette inneber merkinga

  • For gjestene: Reisa til Vest-Telemark blir prega av meir berekraftige opplevingar. Regionen har eit auka fokus på lokalmat, kulturarv og naturbaserte opplevingar, kombinert med eit mål om å redusere miljøavtrykket, gje besøkande ei meir ansvarleg og autentisk reiseoppleving gjennom til dømes betre tilrettelegging av besøksmål og turområde.

  • For innbyggjarane: Ei meir berekraftig utvikling av reiselivsnæringa bidreg til å skape arbeidsplassar og sikre at lokalsamfunnet kan få nye tilbod og behalde eksisterande tilbod, samtidig som ein tek vare på naturen og kulturen som regionen er kjent for. Det styrkar lokalsamfunnet ved å leggje til rette for at både innbyggjarar og besøkande kan leve i eit reint og helsebringande miljø.

  • For reiselivsnæringa: Merket gir reiselivsaktørane eit konkurransefortrinn i marknaden. Kommunane og aktørane i Vest-Telemark kan no bli sett på som eit reisemål som er meir bevisst og ansvarleg i sine val og i si utvikling, noko som er stadig viktigare for reisande. Det kan også vere med på å trekke til seg nye marknader som ønskjer miljøvenlege og samfunnsbevisste reiseopplevingar.