Til hjemmesiden

Informasjonskapslar

Slik brukar Vest-Telemarkrådet informasjonskapslar:

Ein informasjonkapsel er ein kode som blir sendt frå vår servar til nettlesaren på din PC, mobil eller nettbrett når du er inne på nettsida vår. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare gjeng inn på nettsida, blir informasjonskapselen sendt frå nettlesaren din til servaren vår som "kjenner att" din PC, mobil eller nettbrett. Dette gjer det råd for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving éin gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Informasjonskapslar blir bruka til personalisering, pålogging, språkstyring og statistikk for å gjere nettsida betre.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) gjeld frå 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysingar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje blir lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at din PC, mobil eller nettbrett blir "kjend att" på sida du besøker. Samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.

Andre innlegg

Hans Inge Hagen i Nissedal.

© STYRK FJÆRTOFT

Jobbsøk i Vest-Telemark

Leitar du etter arbeid i Vest-Telemark? Her finn du nyttige nettstader som hjelper deg i jakta på drøymejobben!

Gardsbruk i Nissedal. (Foto: Jermansen Media)

© JERMANSEN MEDIA

Draumen om eit gardsbruk

Kanskje finn du draumen om det gode livet i Vest-Telemark? Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje vil ha fleire ljos i glasa!

Kviteseidbyen. (Foto: Kjetil Kalis)

© KJETIL KALIS

Bygdevekstavtale i Vest-Telemark

Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i bygdevekstavtalen.