Til hjemmesiden
Logo Merket for Berekraftig reisemål.

Logo Merket for Berekraftig reisemål.

Vest-Telemark berekraftig reisemål

Vest-Telemark har no offisielt blitt tildelt Merket for Berekraftig reisemål, ei anerkjenning frå Innovasjon Norge som stadfestar at regionen forpliktar seg til å arbeide mot ei meir berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.

Diplomet blei høgtideleg overrekt av Innovasjon Norge under ei markering 16. oktober 2024 på Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal med representantar frå både kommunar og næringsliv.

Kva er Merket for Berekraftig reisemål?

Merket for Berekraftig reisemål er ei merkeordning som Innovasjon Norge tilbyr reisemål som arbeider målretta med berekraft. Det krev kontinuerlege forbetringar innan frem hovudområde: Destinasjonsleiing, strategisk grunnlag, miljømessig berekraft, sosial berekraft og økonomisk berekraft.

Målet er å balansere veksten i reiselivsnæringa med omsyn til naturen, lokalsamfunnet og dei økonomiske interessene slik at reisemåla kan ta vare på dei ressursane dei er avhengige av også i framtida.

Tettare samarbeid

Godkjenninga Merket for Berekraftig reisemål gjev fleire positive effektar for både gjester, innbyggjarar og reiselivsnæringa i Vest-Telemark. Merkeordninga sitt krav om eit strategisk grunnlag har resultert i ein felles reiselivsstrategi for alle kommunane i Vest-Telemark. Det inneber at reiselivet i regionen har blitt einige om nokre felles satsingsområde og står samla i arbeidet om å nå felles mål.

Arbeidet så langt har ført til auka samarbeid mellom aktørar i offentleg og privat sektor, større bevisstheit i bransjen og i kommunane, og ei omfattande kartlegging av den noverande situasjonen til reiselivet i regionen.

Handlingsplanar med konkrete tiltak er under utarbeiding, og dei fulle effektane av arbeidet vil bli meir merkbare i åra som kjem. Om tre år må Vest-Telemark re-merkast, og då må reisemålet kunne vise til forbetringar for å behalde merket.

Dette inneber merkinga:

  • For gjestene: Reisa til Vest-Telemark blir prega av meir berekraftige opplevingar. Regionen har eit auka fokus på lokalmat, kulturarv og naturbaserte opplevingar, kombinert med eit mål om å redusere miljøavtrykket, gje besøkande ei meir ansvarleg og autentisk reiseoppleving gjennom til dømes betre tilrettelegging av besøksmål og turområde.

  • For innbyggjarane: Ei meir berekraftig utvikling av reiselivsnæringa bidreg til å skape arbeidsplassar og sikre at lokalsamfunnet kan få nye tilbod og behalde eksisterande tilbod, samtidig som ein tek vare på naturen og kulturen som regionen er kjent for. Det styrkar lokalsamfunnet ved å leggje til rette for at både innbyggjarar og besøkande kan leve i eit reint og helsebringande miljø.

  • For reiselivsnæringa: Merket gir reiselivsaktørane eit konkurransefortrinn i marknaden. Kommunane og aktørane i Vest-Telemark kan no bli sett på som eit reisemål som er meir bevisst og ansvarleg i sine val og i si utvikling, noko som er stadig viktigare for reisande. Det kan også vere med på å trekke til seg nye marknader som ønskjer miljøvenlege og samfunnsbevisste reiseopplevingar.

Andre innlegg

Framside Reiselivsstrategi for Vest-Telemark 2023-2033

Reiselivsstrategi og vegen vidare

Reiselivsstrategien til Vest-Telemark peikar på moglegheiter, utfordringar og innsatsområde som me skal handtere i fellesskap.

Kviteseidbyen. (Foto: Kjetil Kalis)

© KJETIL KALIS

Bygdevekstavtale i Vest-Telemark

Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i bygdevekstavtalen.

Grøn eng, gamle bygningar og blå himmel. (Foto: Dag Jenssen)

© DAG JENSSEN

Prosjekt småbruk og berekraft

Målet med arbeidet er fast busetting på ledige landbrukseigedomar, auke folketalet og skape meir berekraftig aktivitet og grøn omstilling i regionen.