Til hjemmesiden
Framside Reiselivsstrategi for Vest-Telemark 2023-2033

Faksimile: Framsida til Reiselivsstrategi for Vest-Telemark 2023-2033.

Reiselivsstrategi for Vest-Telemark 2023-2033

Vest-Telemark ynskjer å utvikle reiseliv som ei framtidsnæring til det beste for lokalsamfunna våre – saman. Strategien peikar på moglegheiter, utfordringar og innsatsområde som me skal handtere i fellesskap.

Reiselivsstrategien til Vest-Telemark skal vera eit verktøy for offentleg og privat samhandling som må forankrast både i det politiske planverket og i reiselivsnæringa sine eigne strategiar.

Reiselivet i Vest-Telemark skal vera ei positiv kraft i utviklinga av lokalsamfunn. For å få til dette må me ha ei heilskapleg tilnærming til forvaltning og utvikling av ressursane i regionen og kommunane. Samtidig må konkurransekrafta i dei kommersielle reiselivsverksemdene styrkast.

Ambisjonar for arbeidet

  • Dette er ein strategi for heile Vest-Telemark der me er samde om felles mål, retning og strategiske innsatsområde. Videre skal ein utarbeide handlingsplanar, søkje om finansiering og gjennomføre tiltak på lokalt og regionalt nivå.
  • Strategien skal peike ut retning for dei tiltaka som kommunar, næring, frivilligheit og innbyggjarar ynskjer å gjennomføre.
  • Kommunar, næring, frivilligheit og innbyggjarar skal alle kjenne eigarskap til strategien.
  • Vest-Telemark skal bli meir attraktiv, tydeleg og synleg som reisemål.

Løfte regionalt - jobbe lokalt

Me ynskjer å skape lokalt engasjement i eit regionalt perspektiv. Heile Vest-Telemark skal bidra til å levere på den nye regionale reiselivsstrategien. Samtidig må mykje av det konkrete utviklingsarbeidet skje lokalt. Det har vore eit målretta arbeid frå Vest-Telemarkrådet om å gjennomføre ein felles reisemålsprosess for alle seks kommunane. Dette gjev heile regionen ei felles plattform og eit løft for å satse på reiseliv som ei verdsett næring.

Mykje av jobben må likevel skje i den enkelte kommune, anten det er behov for å løyse utfordringar eller skape nye handlingsrom. Utviklinga må tilpassast ressursgrunnlaget, potensialet og prioriteringane hos dei enkelte reisemåla og byggjast på eksisterande næringsliv.

Tenke stort - starte smått

I arbeidet med reiselivsstrategien for Vest-Telemark har det vore viktig å leggje opp til ein strategi som er ambisiøs, heilskapleg og langsiktig. Det blir satsa på reiseliv som vekstnæring og lokalsamfunnsutviklar. Samtidig må det gi raske resultat som motiverer til vidare arbeid.

Alle vellukka destinasjonar er bygde opp over tid. Ein grunnleggjande premiss for suksess er semje om mål og retning og samarbeid over tid.

Strategien peikar ut retninga. Politisk handsaming gjev naudsynt forankring og klare rammer. Tiltak og handlingsplanar blir utarbeidde for å realisere måla med strategien. Konkretiseringa skjer med innsikt frå kartleggingar og undersøkingar som blir gjennomførte tidleg i neste fase.

Berekraftig utvikling

Arbeidet med felles strategi og for å oppnå ”Merket for Berekraftig reisemål” er eit felles koordinert løp. Det er krevjande, men gjev oss best resultat på sikt.

Det å levere godt på ulike parameter innan berekraft er ikkje lenger rekna som ein konkurranseføremon, men som ein føresetnad. Det gjeld både med tanke på forventningar hos leverandørar og samarbeidspartnarar, og i samband med krav til finansiering.

I eit marknadsperspektiv har gjestene alt høgare forventningar til at reiselivet viser korleis ein jobbar med- og synleggjer berekraftarbeidet. Dette skal også opplevingane spegle.

Rammer og politisk forankring

Strategiarbeidet er forankra i alle dei seks kommunane gjennom politiske vedtak i Vest-Telemarkrådet og alle kommunestyra. Dette gjeld og for ”Merket for Berekraftig reisemål”.

Den geografiske ramma er dei seks kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Strategiarbeidet er gjennomført i perioden frå mars 2022 til juni 2023. Arbeidet er finansiert av Vest-Telemarkrådet og Innovasjon Norge. Styringsgruppa, seks lokale arbeidsgrupper og andre aktørar har lagt ned stor innsats gjennom heile prosessen.

Andre innlegg

Sykling hengebru Nissedal © Olav Jakob Tveit

© OLAV JAKOB TVEIT

Merket for Berekraftig reisemål

Vest-Telemark har fått Merket for Berekraftig reisemål og forpliktar seg til å arbeide mot ei meir berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.

Grøn eng, gamle bygningar og blå himmel. (Foto: Dag Jenssen)

© DAG JENSSEN

Drøymer du om eit gardsbruk?

Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje vil ha fleire ljos i glasa!

Hans Inge Hagen i Nissedal.

© STYRK FJÆRTOFT

Jobbsøk i Vest-Telemark

Leitar du etter arbeid i Vest-Telemark? Her finn du nyttige nettstader som hjelper deg i jakta på drøymejobben!