Til hjemmesiden

Publisert:

Kirsti og Sverre

På denne sida kan du bli betre kjent med Kirsti og Sverre, og drifta deira med mjølkegeiter. Her skal du få innblikk i korleis dei nyttar areala rundt seg og på staulen, arbeider med god agronomi og utviklar garden i møte med eit klima i endring og nye krav til berekraft. Her vil det kome jamlege oppdateringar undervegs i form av bilete, videoar og tekstar frå dei ulike sesongane på garden.

I prosjektet samarbeider dei tett med rådgjevar Vigdis frå TINE for å finne konkrete tiltak som kan styrkje både produksjon og berekraft.

 OM GARDEN
Produksjon: Mjølkegeit
Mjølkekvote: 48 000 liter
Tal geiter: rundt 85 mjølkegeiter
Lokasjon: Tokke kommune, Telemark
Areal: 79 dekar fulldyrka, 65 dekar innmarksbeite

Kirsti i gong med mjølking på morgonen

Garden, geitene og kvardagen

Kirsti og Sverre har drive med mjølkegeit i 25 år, då dei tok over garden etter foreldra til Sverre. I dag har dei rundt 85 mjølkegeiter og ei mjølkekvote på 48 000 liter. Geitene blir mjølka to gonger dagleg gjennom sesongen, og mjølka blir henta av TINE og foredla vidare ved Haukeli Ysteri.

Drifta krev at dei er tett på dyra kvar dag, og særleg i kjeinga i januar og februar er det lite rom for pausar. Samstundes set dei pris på at arbeidet gir ein annan type fridom, ein styrer mykje av kvardagen sjølv, men alltid på dyra sine premissar.

Garden ligg omgitt av bratt terreng, men har gode slåtteareal og store utmarksbeite. Om sommaren flyttar geitene til stølen, der Kirsti og Sverre får hjelp av budeier med mjølkinga fram til september. Beitinga er ein viktig del av drifta og avgjerande både for dyrehelsa og for å bruke ressursane i området på ein god måte.

- Geitene er gode landskapspleiarar. Når dei held vegetasjonen nede i fjellet, blir det kvitt om vinteren. Då reflekterer snøen solstrålinga – den såkalla albedo-effekten – som er viktig for å halde temperaturen på jorda nede.
Kirsti

Geitehald er i dag ei lita næring i Noreg. Talet på produsentar har gått jamt ned over fleire år, og det er no litt over 240 att på landsbasis (Kjelde: Gjennomgang av geitehaldet i Noreg, 2026 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.). I Telemark er det berre 15 bruk igjen med geitehald.

For Kirsti handlar landbruk om meir enn eigen gard. Ho meiner det er viktig å halde oppe matproduksjonen i heile landet.

Korleis kan beiting påverke klimaet lokalt?

Refleksjonsevna til ei overflate blir kalla albedo. Snø reflekterer mykje av sollyset tilbake til atmosfæren, medan mørk vegetasjon absorberer meir av energien og blir varmare.

Når beitedyr held vegetasjonen nede i fjellet, kan landskapet bli meir ope om vinteren. Då vil snøen reflektere meir av solstrålinga tilbake til atmosfæren. Endringar i vegetasjon kan derfor påverke kor mykje energi som blir reflektert eller absorbert ved jordoverflat, ein prosess som blir kalla albedo-effekten (Kjelde: NIBIO) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Forstørr bildet

VIDEO: Introduksjon av Kirsti - Bli med på mjølking!

Ein morgon i fjøset

Klokka er halv sju på morgonen og Kirsti er allereie begynt i fjøset. Dei første geitene står klare til å kome opp på mjølkepallen for første gong i dag. Det blir lagt litt kraftfôr i kvar av dei tjugefire skålene på pallen. Når porten blir opna, kjem geitene inn ein etter ein, finn seg ein ledig plass, og byrjar å ete.

Jura til geitene blir vaska før mjølking

Kirsti finn fram reine klutar og vaskar jura før ho mjølkar ut ein liten skvett frå kvar spene for å sjekke at både jur og mjølk ser bra ut. Åtte geiter kan vere kopla til mjølking samstundes. Sidan det er midt i kjeinga, er det likevel ikkje all mjølka som kan gå rett på tanken. Ei geit må ha mjølka i fem dagar (ti mjølkingar) før mjølka kan leverast. Det betyr litt ekstra arbeid med å skifte mellom tank og oppsamling.

Likevel går arbeidet raskt i vante rørsler, og etter under to timar er alle geitene ferdig mjølka.

Klokka ni står TINE-bilen utanfor fjøset for å hente den ferske mjølka, som blir køyrd til Haukeli Ysteri for vidare foredling. Sjåføren har allereie vore innom eitt fjøs og skal vidare til fleire denne morgonen.

Når mjølkinga er ferdig, ventar neste oppgåve. I minus sytten grader må traktoren startast for å køyre inn ein ny rundballe til geitene.

Slik ser ein typisk vintermorgon ut i geitefjøset til Kirsti og Sverre. Geitene skal mjølkast ein gong til seinare på dagen – dei blir mjølka både morgon og kveld.

Seinare vil du kunne sjå og lese om korleis det er på sommaren, når geitene har flytta opp på staulen.

Foto på denne sida: Torill Verpe / Vest-Telemarkrådet. Bileta kan ikkje brukast vidare utan samtykke.

Andre innlegg

Testbild

Titel

Ingress

Planar

Lorem Ipsum is simply dummy text of the printing and typesetting industry.