Til hjemmesiden

Hans Roar

Publisert:

På Mo i Tokke driv Hans Roar ammekyr. Han har vore med og drive garden sidan 2018, og overtok etter faren i 2021.

OM GARDEN
Produksjon: Ammeku (limousin)
Tal dyr: 21 mordyr, 52 dyr til saman
Kalvingar: 20–25 i året
Areal: om lag 300 dekar fulldyrka eng
Nytt fjøs: 2018
Lokasjon: Tokke kommune

 VIDEO: Møt Hans Roar

Ein gard som ikkje skulle gro att

Hans Roar har vore med og drive garden sidan 2018, og overtok etter faren i 2021. Då hadde det ikkje vore dyr på garden dei siste 30 åra, og han hadde sjølv drive med fleire andre ting tidlegare. Han såg at jordene og områda rundt byrja å gro att, og bestemte seg for å starte med ammeku.

– Dersom det ikkje skulle bli rein jungel, måtte nokon ta tak og starte med noko. Det har eg ikkje angra på, seier Hans Roar.

Nytt fjøs og oppbygging av besetninga

I 2018 bygde Hans Roar og faren eit heilt nytt fjøs, med virke frå eigen skog. Han har bygd opp besetninga frå 8 ammekyr.

– Dyr er veldig trivelege å ha med å gjera. Ein legg meir merke til årstidene, regnet og naturen elles.

Det kjedelegaste er når noko går gale, til dømes under ei kalving.

– Alltid kjedeleg når ting går gale, som ei kalving. Det er ikkje alltid så lett å styre, men så er det veldig moro når det går bra.

 Sommar på utmarksbeite

Om sommaren går kyrne på utmarksbeite, og Hans Roar flyttar dei etter kvart som graset minkar.

– Det er veldig kjekt når det går bra, og det ser ut som alle trivst og har det godt, seier Hans Roar.

Sommaren er ei ekstra god tid.

– Når ein får litt sol og litt regn, graset veks, og dyra har det bra, då er det jammen fint.

Grovfôr og eng

Kyrne får ikkje kraftfôr, berre kalvane i kalvegjømmet, og litt når han skal flytte dyra, så grovfôret er viktig. Hans Roar har om lag 300 dekar fulldyrka eng, og om lag 120 dekar av dette er eige. Han har nydyrka om lag 80 dekar og pløyer opp 30–40 dekar kvart år for å fornye enga, og bruker bland anna kalka slam for å auke pH-en.

Kvifor bli med i prosjektet?

Hans Roar er med i prosjektet for å forbetre og optimalisere produksjonen.

– Det hørtest interessant ut å vere med. Det er kjekt å få hjelp til å spisse produksjonen meir, og få hjelp til ting eg ikkje ser, men som andre fagfolk ser, seier Hans Roar.

Han har hatt besøk av NLR og fått rettleiing om grassortar, korleis han skal hauste og fleire andre tema. På besøket såg dei på eit felt der han har prøvd å så strandsvingel.

– Me såg på eit felt eg var interessert i. Eg har prøvd å så strandsvingel, og så fekk eg tips om korleis eg skulle gjere for å få meir fart i den. Det var veldig lærerikt.

Andre innlegg

Signe og Kyrre

Signe og Kyrre driv med mjølkegeiter i Vinje (profilsida er under arbeid)

Erlend og Åselin

Erlend driv med sau og nyoppstarta ammekuproduksjon i Vinje (profilsida er under arbeid)

Kirsti og Sverre

Kirsti og Sverre driv med mjølkegeit i Tokke kommune. Her kan du bli betre kjent med dei og få eit glimt av kvardagen som geitebønder.