Titel
Ingress
På denne sida kan du bli betre kjent med Erlend, og drifta med ammeku og sau i Vinje kommune. Her skal du få innblikk i korleis han, saman med kona si Åselin, nyttar areala rundt seg og på fjellet, arbeider med god agronomi og vidareutviklar garden i møte med eit klima i endring. Her vil det kome jamlege oppdateringar undervegs i form av bilete, videoar og tekstar frå dei ulike sesongane på garden.

Erlend på veg til fjells med sauen, med babycall rundt halsen, for dottera Line sover heime. Slik kan pappaperm se ut når ein er bonde.
OM GARDEN
Produksjon: Ammeku og sau
Lokasjon: Vinje kommune, Telemark
Tal dyr: 7 ammekyr og 130 vinterfôra sauer
Areal: 237 dekar til slått, 47 dekar innmarksbeite, ubegrensa utmarksbeite, 280 dekar produktiv skog
I prosjektet samarbeider dei tett med rådgjevarar frå NLR og Nortura for å finne konkrete tiltak som kan styrkje både produksjon og berekraft.
Garden, dyra og kvardagen
Erlend tok over garden etter foreldra sine. No driv han saman med kona Åselin, som er utdanna agronom - ein kompetanse som kjem godt med når dei saman skal vidareutvikle drifta.
Vinteren 2025 fekk dei si første dotter, Line. Det betyr at Erlend for tida er i pappaperm, men som bonde på ein aktiv gard er permisjonen annleis enn for dei fleste. Line er med på alt av gardsarbeid, frå fostertelling på sauene i februar til fjellsending i juni, og er allerede godt kjent med dyra på garden.
Foreldra til Erlend er framleis ein viktig ressurs på garden, særleg i lammingssesongen når det er travlast.

Tre generasjonar i arbeid - bestefar, far og Line som følgjer med

Garden har store ressursar. Med 237 dekar til slått og ubegrensa utmarksbeite i fjellet har dyra rikeleg plass og beite heile sesongen. Om sommaren sender Erlend sauene til fjells, der dei nyttar dei store areala. Erlend er den einaste bonden med sau i fjellområdet, noko som gir dyra store rørslerom – men det byr og på utfordringar.
– Me er åleine med sau i området. Det gir sauene fridom, men dei kan gå veldig langt, og det gjer tilsynet krevjande.
For Erlend er jordhelse og grovfôrkvalitet det viktigaste han vil jobbe med gjennom prosjektet. Enga er gammal og treng fornying, gammalt utstyr gjev jordinnblanding i fôret, og dreneringa av dei våtaste skifta er lenge etterlengta. Dette er ikkje problem som løyser seg over natta – men dei er konkrete, og dei er mogleg å ta tak i.
– Med dette prosjektet håpar eg å få betre jordhelse. Noko eg har eit problem med er mellom anna vatn. Mykje jord som druknar, ureint fôr med jordinnblanding og køyreskader. Så eg håpar å få betre grovfôr og mindre innkjørte innsatsfaktorar som gjødsel og kraftfôr.
I tillegg er Erlend og Åselin i gang med noko nytt: ammekuproduksjon. Dei første dyra er på plass, og planen er å byggje opp bestanden over tid. Eit nybygg til storfe er det store investeringsspørsmålet dei no vurderer – ei avgjerd som vil forme garden i mange år framover. Begge arbeider også ved sida av garden, men dei er i gang.
VIDEO: I denne videoen er vi med når lamma vert vegne og sleppt ut på beite og videre til fjells.

