Bygdevekstavtale i Vest-Telemark
Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i bygdevekstavtalen.

Frodig i Flatdal. (Foto: Dag Jenssen)
Landbruksprosjektet skal bidra til auka verdiskaping og meir berekraftig jordbruk i Vest-Telemark. Prosjektet tek utgangspunkt i måla i den felles klimaplanen for regionen, der jordbruk er eitt av dei prioriterte innsatsområda.
SISTE NYTT FRÅ LANDBRUKSPROSJEKT: GOD AGRONOMI I DET GRØNE SKIFTET
Prosjektet er godt i gang. Sidan mai 2025 har vi:
✓ Rekruttert 14 gardbrukarar frå heile regionen
✓ Starta rådgivingsløp på alle gardane
✓ Gjennomført fagsamling med over 60 deltakarar
✓ Etablert tett samarbeid mellom bønder, rådgivarar og kommunane
Knappen ovanfor tek deg vidare til profilsidene for gardbrukarane i prosjektet. Desse sidene blir oppdaterte gjennom heile prosjektperioden med bilete, videoar og artiklar frå drifta gjennom dei ulike sesongane.
I Vest-Telemark sin felles klimaplan er det peika på behovet for eit fleirårig og tverrkommunalt landbruksprosjekt, organisert i regi av Vest-Telemarkrådet og landbruksforvaltinga i regionen. Bakgrunnen er eit ønskje om å styrkje jordbruket si rolle i det grøne skiftet, gjennom tiltak som både reduserer klimagassutslepp og legg til rette for betre ressursutnytting og meir robuste gardsbruk.
Prosjektet er retta mot å gi praktisk og tilpassa rådgjeving til gardbrukarar, med utgangspunkt i den enkelte garden sine føresetnader og behov. Målet er å bidra til betre agronomisk praksis, auka karbonbinding i jord og eit styrkt driftsgrunnlag, samstundes som prosjektet skal byggje fagleg fellesskap og samhald i landbruksnæringa i Vest-Telemark.
Prosjektet er forankra i nasjonale føringar for landbrukspolitikken, der det blir lagt vekt på mattryggleik og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit meir berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Satsinga i Vest-Telemark skal bidra til å omsetje desse måla til praktiske tiltak i ein regional og lokal samanheng.

Kirsti (bonde og prosjektdeltagar) som mjølkar geitene (Foto: Torill Verpe)
I perioden 2022–2023 vart det gjennomført eit forprosjekt som la grunnlaget for den vidare satsinga. Forprosjektet hadde som mål å utvikle innhald, organisering og samarbeidsform for eit større og meir langsiktig landbruksprosjekt i Vest-Telemark.
Forprosjektet var breitt forankra i landbruksapparatet i regionen. Styringsgruppa var samansett av representantar frå landbruksforvaltinga i alle dei seks kommunane, faglaga og Norsk Landbruksrådgiving, med deltaking frå regionale og statlege aktørar. Dette la til rette for god fagleg breidde, tett dialog og felles eigarskap til prosjektet.
I overgangen til hovudprosjektet er styringsstrukturen justert for å sikre tydeleg leiing og tettare kopling til kommunane som prosjekteigarar. Styringsgruppa består no av landbruksforvaltinga i dei seks kommunane og administrasjonen i Vest-Telemarkrådet.
Samstundes er den breie faglege forankringa frå forprosjektet teken vidare gjennom etableringa av ei eiga ressursgruppe. Ressursgruppa bidreg med fagleg støtte, innspel og kvalitetssikring gjennom heile prosjektperioden, og sikrar kontinuitet og brei involvering.
Prosjektet er støtta av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gjennom fjellandbruksmidlar, og av Telemark fylkeskommune gjennom regionale tilretteleggingstiltak. Støtta bidreg til å styrkje samarbeid, møteplassar og kompetanseutvikling i landbruksnæringa i Vest-Telemark.
Prosjektet blir leia av Torill Verpe i Vest-Telemarkrådet, som har ansvar for gjennomføringa av hovudprosjektet. Prosjektleiinga arbeider tett saman med landbruksforvaltinga i kommunane, faglaga og rådgjevingsmiljøa, og har ansvar for planlegging og gjennomføring av faglege møteplassar, kompetansetiltak og individuell oppfølging av gardsbruk i prosjektet.
Ein viktig del av arbeidet er å leggje til rette for at agronomiske tiltak med dokumentert effekt på både drift og klima blir formidla og tekne i bruk i praksis. Prosjektleiinga har òg ansvar for å samle erfaringar og sikre at kunnskapen frå prosjektet kan nyttast vidare i kommunalt planarbeid og framtidig landbruksforvaltning.

(Foto: Torill Verpe)
God agronomi i det grøne skiftet skal bidra til at bønder i Vest-Telemark får fagleg støtte som er tilpassa dei reelle utfordringane i regionen. Prosjektet tek utgangspunkt i at god agronomi er grunnlaget for både god økonomi og positive klimaeffektar.
Satsinga skal vere ein ressurs for både unge og etablerte bønder, og ein arena for samarbeid mellom næringa, forvaltninga og rådgjevingsmiljøa i Vest-Telemark.

© KJETIL KALIS
Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i bygdevekstavtalen.

© OLAV JAKOB TVEIT
Vest-Telemark har fått Merket for Berekraftig reisemål og forpliktar seg til å arbeide mot ei meir berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.

© DAG JENSSEN
Her finn du oversikten over ledige gardsbruk i Vest-Telemark!