God agronomi i det grøne skiftet
Landbruksprosjektet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark, og byggjer på måla i felles klimaplan for regionen.
Kviteseidbyen. (Foto: Kjetil Kalis)
Vest-Telemark er ein del av regjeringas satsing på vekst og utvikling i distrikta gjennom bygdevekstavtalen. Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i kommunane våre.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) invitera i 2023 til å prøve ut bygdevekstavtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Vest-Telemarkrådet søkte på vegner av alle dei seks kommunane og vart i januar 2024 valt ut som éin av fem nasjonale bygdevekstpilotar.
Telemark fylkeskommune gjorde vedtak i fylkestinget hausten 2024 om å vera ein hovudpart i arbeidet med bygdevekst for Vest-Telemark.
Bygdevekstavtalen inneheld tre delmål:
Det skal utarbeidast årlege handlingsplanar for kvart delmål i avtala og settast i gang aktivitetar og tiltak i tråd med handlingsplanane. Handlingsplanane skal godkjennast av kommunestyra, fylkeskommunen og KDD. Handlingsplanane er grunnlaget for utbetaling av midlar frå statsbudsjettet.
Forfase (2023): Kommunane i Vest-Telemark ved Vest-Telemarkrådet utarbeidde ein felles søknad for å delta som bygdevekstpilot.
Fase 1 (2024): Utvikling av avtaleinnhald og forhandlingar. Prosjektet har fått tilsegn om 2 mill. kr til prosjektleiing.
Fase 2 (2025-2028): Implementering av hovudavtala og utvikling av årlege handlingsplanar med oversikt over konkrete tiltak.
Det er sett av 22 mill. kr på statsbudsjettet for 2025. Det ligg ei forventing om ytterlegare 1 mill. kr i 2026, 19 mill. kr i 2027 og 1 mill. kr i 2028 til pilot Vest-Telemark. Dette er avhengig av korleis statsbudsjettet blir vedteke kvart år
Prosjekteigar: Vest-Telemarkrådet med dei seks ordførarane
Prosjektansvarleg: Dagleg leiar i Vest-Telemarkrådet
Styringsgruppe: Representant frå kommunedirektørutvalet i Vest-Telemark, leiar i næringskollegiet i Vest-Telemark, representant frå Telemark fylkeskommune, representant frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og prosjektleiar
Prosjektleiar: Utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet
Samarbeidspartar til dei ulike delmåla er m.a. Husbanken (Region Sør i Arendal og hovudkontoret i Drammen), Universitetet i Søraust-Noreg, Innovasjon Norge, NAV Vest-Telemark, KS, Nissedal studiesenter i tillegg til Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Distriktssenteret skal støtte KDD, statsforvaltarane, fylkeskommunane og pilotane i arbeidet.
Bygdevekstavtala skal til handsaming i alle kommunestyra i Vest-Telemark og fylkesutvalet i løpet av februar 2025.
Det er avgjerande at alle pilotkommunane, Telemark fylkeskommune og regjeringa vedtek likelydande avtaletekst for at prosjektet kan setjast i verk som planlagt. Avtala skal signerast av alle dei seks ordførarane og fylkesordføraren ved ei samla markering i Vest-Telemark i mai 2025.
© DAG JENSSEN
Landbruksprosjektet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark, og byggjer på måla i felles klimaplan for regionen.
Reiselivsstrategien til Vest-Telemark peikar på moglegheiter, utfordringar og innsatsområde som me skal handtere i fellesskap.
© DAG JENSSEN
Målet med arbeidet er fast busetting på ledige landbrukseigedomar, auke folketalet og skape meir berekraftig aktivitet og grøn omstilling i regionen.