God agronomi i det grøne skiftet
Landbruksprosjektet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark, og byggjer på måla i felles klimaplan for regionen.

Kviteseidbyen. (Foto: Kjetil Kalis)
Vest-Telemark er ein del av regjeringas satsing på vekst og utvikling i distrikta gjennom bygdevekstavtalen. Nye bustader, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst er hovudsatsingane i kommunane våre.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) invitera i 2023 til å prøve ut bygdevekstavtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Vest-Telemarkrådet søkte på vegner av alle dei seks kommunane og vart i januar 2024 valt ut som éin av fem nasjonale bygdevekstpilotar.
Telemark fylkeskommune gjorde vedtak i fylkestinget hausten 2024 om å vera ein hovudpart i arbeidet med bygdevekst for Vest-Telemark.
Bygdevekstavtalen inneheld tre delmål:
Med bakgrunn i tilbakemeldingar frå Vest-Telemarktinget i april 2025, har ein valt å leggje vekt på delmål 1) Fleire eigna bustader i Vest-Telemark med 60 % og dei to andre delmåla med 20 % kvar.

Bustadtypar i Vest-Telemark i dag
Forfase (2023): Kommunane i Vest-Telemark ved Vest-Telemarkrådet utarbeidde ein felles søknad for å delta som bygdevekstpilot.
Fase 1 (2024): Utvikling av avtaleinnhald og forhandlingar. Prosjektet har fått tilsegn om 2 mill. kr til prosjektleiing.
Fase 2 (2025-2028): Implementering av hovudavtala og utvikling av årlege handlingsplanar med oversikt over konkrete tiltak.
Det er sett av 22 mill. kr på statsbudsjettet for 2025. Det ligg ei forventing om ytterlegare 1 mill. kr i 2026, 19 mill. kr i 2027 og 1 mill. kr i 2028 til pilot Vest-Telemark. Dette er avhengig av korleis statsbudsjettet blir vedteke kvart år
Prosjekteigar: Vest-Telemarkrådet med dei seks ordførarane
Prosjektansvarleg: Dagleg leiar i Vest-Telemarkrådet
Styringsgruppe: Representant frå kommunedirektørutvalet i Vest-Telemark, leiar i næringskollegiet i Vest-Telemark, representant frå Telemark fylkeskommune, representant frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og prosjektleiar
Prosjektleiar: Utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet
Samarbeidspartar til dei ulike delmåla er m.a. Husbanken (Region Sør i Arendal og hovudkontoret i Drammen), Universitetet i Søraust-Noreg, Innovasjon Norge, NAV Vest-Telemark, KS, Nissedal studiesenter i tillegg til Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Distriktssenteret skal støtte KDD, statsforvaltarane, fylkeskommunane og pilotane i arbeidet.
Bygdevekstavtala skal til handsaming i alle kommunestyra i Vest-Telemark og fylkesutvalet innan april 2025.
Det er avgjerande at alle pilotkommunane, Telemark fylkeskommune og regjeringa vedtek likelydande avtaletekst for at prosjektet kan setjast i verk som planlagt. Avtala skal signerast av alle dei seks ordførarane og fylkesordføraren ved ei samla markering på Nutheim i Flatdal 2. juni 2025.

Det skal utarbeidast årlege handlingsplanar for kvart delmål i avtala og settast i gang aktivitetar og tiltak i tråd med handlingsplanane. Handlingsplanane skal godkjennast av kommunestyra, fylkeskommunen og KDD.
Ved kvar årleg oppdatering skal det gjerast greie for:
Handlingsplanen fungerer som grunnlag for statleg medfinansiering av avtala og som grunnlag for utbetaling av midlar frå statsbudsjettet. Piloten skal vera samde med samarbeidspartane om tiltaka under det enkelte delmålet. Piloten kan prioritere ulike delmål til ulik tid i løpet av avtaleperioden.
Handlingsplanen for 2025 spegla eit annleisår sidan det ikkje fekk heilårsverknad. Vest-Telemark er den største piloten i bygdevekstprosjektet med seks kommunar som samarbeider. Det er ein tidkrevjande prosess å forankre handlingsplanen politisk i alle kommunane.
Det er ei forventing om at prosjektet er aktivt og søkjer om tilskot gjennom eksisterande verkemiddel. Fram til no har det ikkje vore tid til å søkje andre ordningar, men det er avklart med KDD om at landbruksprosjektet «God agronomi i det grøne skiftet» i regi av Vest-Telemarkrådet, kan koplast på bygdevekstarbeidet. Landbruksprosjektet har og fått tilskot frå Miljødirektoratets klimasatsmidlar i august 2024. Med bakgrunn i det, er det difor gjort nokon endringar i tiltak 4 Grøn region Vest-Telemark under delmål 2 Korleis få fleire private arbeidsplassar i privat sektor. KDD ser som utgangspunkt positivt på å nytte bygdevekstarbeidet til å styrke andre prosessar som er viktig for kommunane.

© DAG JENSSEN
Landbruksprosjektet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark, og byggjer på måla i felles klimaplan for regionen.

Reiselivsstrategien til Vest-Telemark peikar på moglegheiter, utfordringar og innsatsområde som me skal handtere i fellesskap.

© DAG JENSSEN
Målet med arbeidet er fast busetting på ledige landbrukseigedomar, auke folketalet og skape meir berekraftig aktivitet og grøn omstilling i regionen.