Til hjemmesiden
Grøn eng, gamle bygningar og blå himmel. (Foto: Dag Jenssen)

Ledige gardsbruk

Her finn du oversikt over ledige gardsbruk i Vest-Telemark. Lenkene er henta frå ulike annonseplattformer og blir oppdatera fortløpande.

© DAG JENSSEN

EiendomsMegler 1

NISSEDAL

Vangen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Nydeleg småbruk i Heimdalsgrenda i Nissedal til sals. 5 km til Treungen sentrum. Bustadhus frå ca 1925, låve og garasje. Privat brønn og septiktank. Nokre hundre meter med privat veg med fleire brukarar. Lettdriven og flat dyrka jord og litt skog, 300 m.o.h. Diverse utstyr m.a. ATV, brøyteskjær, snøfres, hengar, vedkløyvar og beitepussar følgjer med.

Bakken og blomstereng

Angelica Castillo

SELJORD

Bakken

Småbruket Bakken i Svartdal er til sals. Eigedomen ligg i eitt av dei 51 utvalde kulturlandskapa i Noreg. På Bakken er ein gamal stovebygning frå 1800-talet (ombygd på 1930-talet), stabbur, låve & fjos og stall (ombygd til garasje). I tillegg er det eit stabbur frå 1990-talet. Garden som har gnr 82, bnr 3 i Seljord kommune, har to teigar. Det er ca 18 daa fulldyrka jord, 150 daa produktiv skog og 45 daa anna areal. Kontakt Harald Furu på e-post: harald.furu@apace.no, tlf. 908 63 647 og Angelica Castillo på e-post: angelica.castillo@apace.no, tlf. 455 82 683.

Landkreditt

VINJE

Hylland suigard Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Småbruk i Hyllandsgrend i Vinje til sals. Fin utsikt over Hyllandshylen og kort veg til Åmot sentrum. For deg som ser etter meir plass og moglegheita til å disponere eigne jord- og skogareal, kan dette vere ein interessant eigedom.

Thomas Kolby

NISSEDAL

Nedre Kleiva Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I Nordbygda i Nissedal finn du denne trivelege eigedomen med landleg plassering og kort veg til både natur- og friluftsopplevingar. Her kan du finne roa og skape deg eit godt liv i vakre Vest-Telemark.

DnB Eiendom

SELJORD

Gravalid Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

På Seljordshei ligg Gravalid, eit innhaldsrikt småbruk med lange tradisjonar og store framtidsmoglegheiter. Eigedomen kombinerer rolege omgjevnader, verdifull skog og ei omfattande bygningsmasse.

Frida Nordskog Skatvik

KVITESEID

Bergly Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Småbruk i Morgedal til sals. Naturnært, romsleg og med landleg karakter. Eit godt utgangspunkt for oppgradering.

Lokalmegleren & Partners

VINJE

Ringhus vestre (Heimigard) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Småbruk i Åmot i Vinje til sals. Flott utsikt, jakt, støyl. Konsesjonspliktig. Kort veg til sentrum.

Asbjørn Holme

UTLEIGD

Søndre Lauvdal

Småbruk i Fyresdal til leige. Garden består av einebustad, eldre stor låve, garasje og eit lite kvernhus. 1.etg består av vindfang, gang, bad, kjøkken og to stover. 2. etg består av gang og 3 soverom. Mot vest er det ein stor terrasse med trapp ned til hage og flott utsikt over bygda. Moglegheit til å hogge ved til eige bruk. Det er mogleg å jakte på småvilt og fugl. Frå bygda er det ca 2,5 km. Om vinteren bør ein ha bil med piggdekk og 4-hjulstrekk. Ikkje røyk.

DnB Eiendom

SELT

Rui nordre Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Denne eigedomen ligg fint til i Nordbygdi i Seljord, med naturen tett på og kort veg til bygdesamfunnet. Flott og vesentleg påkosta landbrukseigedom. Oppgradert våningshus m/​ nytt bad. Gode solforhold.

EiendomsMegler 1

SELT

Nasgrav nordre Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Midt i den vakre naturen i Vest-Telemark finn du denne sjarmerande landbrukseigedomen i Dyrlandsdalen i Seljord. Med både våningshus, gjestehus og bakaromn ligg alt til rette for eit godt bygdeliv.

SELT

Dalane Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dalane på Fjone er ein fin landbrukseigedom med våningshus, driftsbygning og vedskjul. Våningshuset treng renovering. Jaktrettar på eigedomen.

SELT

Sanden Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sanden er ein mindre landbrukseigedom i Vråliosen. Våningshuset er oppgradert i 2019. Eigedommen ligger vakkert til med eigen strandlinje og brygge.

SELT

Bakkane Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Bakkane gard - Stor landbrukseiendom på ca 5900 dekar i Heimdalsgrenda i Nissedal kommune. Tradisjonelt tun og idyllisk beliggenhet med jakt og fiske.

Gardsbruk ved veg og fjell og himmel i bakgrunn.

SELT

Granheim Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Granheim er eit eldre småbruk i Flatdal om lag 10 km frå Seljord sentrum. Bygningane treng kjærleik og vedlikehald! Flatdalsvegen 491 er ca. 178,4 dekar.

SELT

Prestholt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sjarmerende småbruk med flere tømmerbygninger i et særdeles koselig tun. Passer for deg som drømmer om å ha skog, dyr og egen grønnsakshage eller som ønsker din helt egne "Western ranch".

Kvålevegen 4 og 6 i Flatdal.

SELT

Kvålevegen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kvålevegen 4 og 6 er eit innhaldsrikt gardsbruk i landsbyen i Flatdal. To bustadhus, låve og hytte. Del av jaktlag på elg og hjort. Totalt ca. 938 dekar. 15 min. frå sentrum.

SELT

Haukom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kviteseidvegen 591 A er eit småbruk med tømmerbustad frå 1932 og låve på eigedomen som er vel 46 dekar. Stor, opparbeidd tomt og god utsikt rett ved Kviteseidbyen.

SELT

Bygdaråvegen 645 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Eldre småbruk med lite våningshus (frå 1870), hytte, brønnhus og låve i Seljord. 94,5 dekar. Ikkje buplikt eller konsesjon. Gamal traktorveg/tursti til skogen gjennom tunet.

SELT

Baugerud Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

VURDERER SAL: Åmotsdalsvegen 1484 er eit småbruk omgitt av kupert fjellterreng, kulturlandskap og skogsområde. 144, 8 dekar.