Til hjemmesiden

Kommuneplanleggjarane i Vest-Telemark lærer saman for å finne betre bustadløysingar

Frå venstre: Aslaug Tveit, Jenny Fetveit, Mona Gundersen, Jonas J. B. Sørensen, Maria Dyrland Fremmerlid, Roy Bendiksen, Lene Ottersen, Trude Risnes, Anne-Sofie Bergene Strømme, Gry Åsne Aksvik og Martin Vollen Bergheim.

Korleis kan Vest-Telemark få fleire eigna bustader når kommunane samtidig opplever krevjande planprosessar, knapp kapasitet og eit regelverk som ikkje alltid er tilpassa bygdekommunar? Dette var eitt av spørsmåla som vart diskutert då kommuneplanleggjarane i Vest-Telemark møttest til den første samlinga i den nye kompetansesirkelen for kommuneplanlegging. Representantar frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Telemark fylkeskommune, Husbanken og Distriktssenteret deltok også.

Planfaglege utfordringar i Vinje kommune presentert av kommunalsjef for økonomi og samfunn Gry Åsne Aksvik

Eit tiltak i bygdevekstarbeidet

Kompetansesirkelen er ein del av bygdevekstprosjektet sitt arbeid om fleire eigna bustader i Vest-Telemark. Målet er å styrkje samarbeidet mellom kommunane og samle fagmiljø som kan bidra til å løyse utfordringar knytte til bustadutvikling og arealplanlegging. Deltakarane ønskjer å byggje eit nettverk som kan leve vidare etter at bygdevekstprosjektet er avslutta.

På samlinga delte alle seks kommunane erfaringar frå eigne planprosessar og bustadprosjekt. Sjølv om kommunane er ulike, peika mange på dei same utfordringane: omfattande krav til utgreiingar, lange planprosessar, avgrensa ressursar og behovet for fleire attraktive bustader for ulike målgrupper.

Stat og fylke var godt representert: Roy Bendiksen frå Husbanken Region Sør, Lene Ottersen frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Trude Risnes frå Distriktssenteret og Martin Vollen Bergheim frå Telemark fylkeskommune.

Tre tema peika seg ut

I gruppearbeida diskuterte deltakarane kva kompetansesirkelen bør arbeide vidare med. Tre tema gjekk igjen på tvers av gruppene.

Det første handlar om spreidd bustadbygging og handlingsrommet i regelverket. Fleire kommunar opplever at spreidd bustadbygging er viktig for å halde oppe busetjing i bygdene, men at dagens praksis og arealrekneskap ikkje alltid fangar opp dei lokale forholda i distriktskommunane. Deltakarane ønskjer meir kunnskap om kva handlingsrom som finst, og korleis distrikta kan bli betre forstått i nasjonale ordningar og retningslinjer.

Det andre temaet handlar om kapasitet og ressursar i kommunane. Mange kommunar har få tilsette som arbeider med planlegging, og fleire peikte på behovet for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene. Det vart diskutert om felles ressursar, interkommunalt samarbeid og deling av kompetanse kan vere ein del av løysinga.

Det tredje temaet handlar om utgreiingskrav og tidsbruk i plansaker. Deltakarane stilte spørsmål ved om omfanget av utgreiingar alltid står i forhold til storleiken på tiltaka. Mange opplever at krav til dokumentasjon, kartlegging og analysar krev mykje tid og ressursar før ein kjem i gang med sjølve utviklingsarbeidet.

Fleire bustader gjennom betre samarbeid

Samlinga synleggjorde også kor tett bustadutvikling heng saman med andre samfunnsmål. Eit døme som vart løfta fram var behovet for attraktive og sentrumsnære bustader for eldre. Når fleire kan flytte frå store einebustader og gardar til mindre og meir tilgjengelege bustader, blir eksisterande bustader frigjevne til nye innbyggjarar og familiar. Dette kan igjen bidra til meir liv i bygdene og meir effektiv drift av kommunale tenester.

Det vart også diskutert korleis tomme hus kan takast i bruk igjen, og korleis konsesjonsreglar og buplikt påverkar tilgangen til bustader i regionen. Fleire kommunar ønskjer å lære meir om erfaringar frå andre stader og undersøkje kva verkemiddel som kan bidra til at fleire hus blir tekne i aktiv bruk som heilårsbustader.

Vegen vidare

Deltakarane var samde om at kompetansesirkelen må vere praktisk retta og skape konkrete resultat. Forslaget frå gruppene er ein kombinasjon av fysiske samlingar og kortare digitale temamøte gjennom året. Samtidig ønskjer dei å besøkje gode prosjekt og hente lærdom frå kommunar som har lukkast med bustad- og samfunnsutvikling.

Den første samlinga viste at kommunane i Vest-Telemark står overfor mange av dei same utfordringane. Samtidig viste ho at det finst stor vilje til samarbeid og læring på tvers av kommunegrensene. Nettopp dette er kjernen i kompetansesirkelen: å finne betre løysingar i fellesskap og leggje grunnlaget for fleire eigna bustader og levande lokalsamfunn i heile Vest-Telemark.

Gode diskusjonar rundt bordet. Frå venstre: Aslaug Tveit (Leva by- og bygdeutvikling), Jenny Fetveit (kommuneplanleggar og arkitekt i Tokke kommune), Jonas Johansen Bjørnsveen Sørensen (kommuneplanleggar for Kviteseid og Nissedal kommunar), Mona Gundersen (kommuneplanleggar i Fyresdal kommune) og Maria Dyrland Fremmerlid (kommuneplanleggar i Seljord kommune).