
Tillit, kompetanse og digitalisering samla leiarar og helsepersonell
Publisert:
Helsepersonell frå heile Vest-Telemark møttes 8. september i Vrådal til kunnskapsverkstad om berekraftige helse- og omsorgstenester.
Verkstaden er ein del av forskingsprosjektet Tillit og kompetanse for berekraftig digitalisering av helse- og omsorgstenester i små kommunar. Prosjektet skal styrkje kunnskapen om korleis små kommunar kan utvikle og ta i bruk digitale helse- og omsorgstenester på ein trygg, berekraftig og framtidsretta måte.
Deltakarane kom til Straand Hotel i Vrådal frå helse- og omsorgstenestene i kommunane, prosjektgruppa, representantar frå Hallinghelse og Vest-Telemarkrådet, forskarar og ressursar frå Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Espen Andreas Brembo frå USN. (Foto: Hans Inge Hagen)
Digital tillit
Gjennom dagen vart det sett søkjelys på samanhengen mellom digital helsekompetanse, tillit til digitale løysingar og evna til å omsetje forskingsbasert kunnskap til praktisk handling i tenestene. Programmet inneheldt faglege innlegg, presentasjon av førebelse resultat frå kartleggingsarbeidet i Vest-Telemark og fleire økter med gruppearbeid og erfaringsdeling.
Espen Andreas Brembo opna den faglege delen med innlegg om digital helsekompetanse og tillit til e-helse, medan Linn Hege Olstad, ph.d.-kandidat i prosjektet, presenterte førebelse funn frå kartlegginga som er gjennomført i kommunane i Vest-Telemark.

Frå forsking til praksis
Eit anna viktig tema var korleis tryggleik og meistring kan byggjast gjennom trening og simulering. Marianne Tråer frå Simulering Telemark delte erfaringar med korleis simulering kan nyttast som metode for å styrkje kompetanse og skape større tryggleik på arbeidsplassen.
Seinare på dagen leidde Etty Ragnhild Nilsen arbeid med temaet «Korleis omsetje forsking til praksis», der deltakarane fekk drøfte korleis ny kunnskap kan omsetjast til konkrete endringar i eigen kommune.
Sterkt engasjement
Verkstaden vart avslutta med gruppearbeid om vegen vidare i prosjektet, leia av Iselin Haugo Stavn og Espen Andreas Brembo. Diskusjonane synte eit sterkt engasjement for vidare samarbeid mellom kommunane, forskingsmiljøa og dei regionale aktørane.
Erfaringane og innspela frå samlinga vil vere ein viktig del av det vidare arbeidet med å forstå kva som skal til for å byggje tillit, utvikle kompetanse og lykkast med berekraftig digitalisering av helse- og omsorgstenestene i små kommunar.