Til hjemmesiden
Glimt frå inspirasjonsseminaret i Seljord 24.11.2025. (Alle foto: Hans Inge Hagen)

Glimt frå inspirasjonsseminaret i Seljord 24.11.2025. (Alle foto: Hans Inge Hagen)

Inspirerande samling i Seljord

Måndag 24. november samla Vest-Telemarkrådet og Telemark fylkeskommune nær 40 engasjerte deltakarar på Granvin kulturhus til inspirasjonsseminaret Levande landskap – levande næringar.

Publisert:

Seminaret sette fokus på korleis landbruk og reiseliv kan styrkje kvarandre og bidra til berekraftig utvikling. Innleiarane representerte både forsking, forvaltning og næringsliv.

Bjørn Egil Flø

Bygdeforskar Bjørn Egil Flø frå NIBIO viste korleis landbruket har forma identitet og samfunnsutvikling i Noreg. Han tok deltakarane med frå historiske røter til dagens utfordringar og framtidige moglegheiter.

Han peika på kulturlandskapet og tradisjonane som grunnlaget for reiselivet i distrikta, der folk kjem for å oppleve det autentiske. Samtidig gir reiselivet nye inntektsmoglegheiter for eit stadig meir pressa landbruk.

Anne Skaug Nisi

Anne Skaug Nisi frå Telemark fylkeskommune hadde med spennande statistikk om landbruket i Telemark utarbeidd av Agri Analyse i samband med ny strategi. Ho presenterte strategi for landbruket i Telemark 2026-2028 med fokus på kulturlandskap, lokalmat og Telemark som ei merkevare.

Mona Birgitte Rasmussen

Frå fylkeskommunen kom også Mona Birgitte Rasmussen med eit innlegg om besøksforvalting og ansvarleg marknadsføring. Med eit eksempel frå Nordland viste ho korleis samarbeid og styring kan gje gevinstar for lokalsamfunnet og betre opplevinga for reisande.

Irene Siljan

Irene Siljan frå Innovasjon Norge synte korleis verkemiddel for berekraftig vekst kan nyttast til finansiering, kompetanse og nettverk. Både bønder og reiselivsaktørar kan utvikle nye tilleggsnæringar, styrkje lokal verdiskaping og satse på berekraftige løysingar som gir vekst og arbeidsplassar med støtte frå Innovasjon Norge.

Ingebjørg Håvardsrud

Ingebjørg Håvardsrud delte levande erfaringar frå seterdrift og verdiskaping på ein fjellgard. Gjennom 20 år har ho bygd opp seterdrifta på Håvardsrud i Tinn etter at fjellgarden hadde vore utan seterdrift i nesten 50 år. Gjennom eit sterkt engasjement for kunnskapsdeling, oppleving og satsing på ungdommen har ho gjort reiselivet til ein del av gardsdrifta si.

God dialog og engasjement

Publikum kom med mange gode spørsmål og det blei fine diskusjonar. Tema som berekraft, lokal verdiskaping og samarbeid mellom næringar engasjerte breitt.

Vest-Telemark har store ressursar innan landbruk, kultur og natur. Gjennom samarbeid og lokal involvering kan ein skape ein veg der ulike næringar som landbruk og reiseliv stør opp kvarandre og skapar nye moglegheiter i regionen.

Vi takkar alle som møtte opp og bidrog til ein inspirerande kveld!