Til hjemmesiden
Tre menn ved bord ute.

Regionleiar Tarjei Draugedal, fylkesordførar Sven Tore Løkslid og statssekretær Emil Raaen signerer avtalen om Bygdevekst i Vest-Telemark. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Avtalen om bygdevekst signert

– Bygdevekst er ein ny måte å jobbe på! Arbeidet med bygdevekst i Vest-Telemark skal også gi effekt for alle andre distriktkommunar!

Publisert:

Det sa statssekretær Emil Raaen frå Kommunal- og distriktsdepartementet då han, fylkesordførar Sven Tore Løkslid og ordførarane i Vest-Telemark signera avtalen om bygdevekst i verdige rammer på Nutheim Gjestgiveri i Seljord.

Fleire personar rundt eit bord ute.

Ordførarane i Vest-Telemark og Telemark fylkeskommune signerer bygdevekstavtale med staten. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Busetting, næring og kompetanse

Bygdevekst i Vest-Telemark er eit prosjekt som fram til 2028 satsar på fleire eigna bustader, nye arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst i regionen. Staten brukar totalt 22 millionar kroner på prosjektet i år, og det er planlagd ytterlegare 21 millionar innan 2028 er omme. 2. juni låg forventingane i lufta då avtalen blei signera.

Dei seks kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje, Telemark fylkeskommune og staten ved Kommunal og distriktsdepartementet er partar i bygdevekstavtalen.

Mann talar i rom med fleire personar.

Regionleiar Tarjei Draugedal rosa staten for satsinga på Vest-Telemark. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Puff i baken

Ordførar i Kviteseid og regionleiar i Vest-Telemarkrådet, Tarjei Draugedal, rosa staten under signeringa.

– Denne avtalen trur eg vil styrke samarbeidet i Vest-Telemark på ein framifrå måte. Det er ingen tvil om at staten vil oss vel! No er det me saman som må forvalte avtalen og få han til å fungere. Det er eit ansvar som ligg på oss alle, sa Draugedal.

– Eg håpar at dagen blir eit skikkeleg puff i baken for eit godt interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark!

Ei kvinne held tale i eit rom med fleire personar.

Torunn Raftevold Rue er prosjektleiar for bygdevekstarbeidet i Vest-Telemark. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Nye løysingar

– Me skal rett og slett bli betre på å bu, jobbe og lære – saman! Slik oppsummera prosjektleiar Torunn Raftevold Rue bygdevekst-oppdraget. Prosjekteigar er Vest-Telemarkrådet med dei seks ordførarane, og dagleg leiar Anne Aasmundtveit i Vest-Telemarkrådet er prosjektansvarleg for Bygdevekst i Vest-Telemark.

Avtaleteksten seie blant anna: Partane skal i oppfølging av avtalen samarbeide om å utvikle og teste ny distriktspolitikk som kan ha overføringsverdi til andre distriktskommunar og mobilisere til auka utnytting av eksisterande ordningar. Avtalen skal også bidra til å teste ut nye samarbeidsformer på tvers av kommunar og forvaltningsnivå.

Mann talar i rom med fleire personar til stades.

Statssekretær Emil Raaen i Kommunal- og distriktsdepartementet meiner samarbeid over kommunegrensene er vel så viktig som kroner. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Varig verdi

Statssekretær Emil Raaen er klar i sine forventingar:

– Kunsten er å bruke pengane på ein måte som gir varig endring, verdi og læring! Det viktigaste rådet no er at ein får til type prosjekt som har verdi den dagen sjølve pilotfasen er ferdig og pilotkronene er borte.

– Den største verdien i prosjektet er ikkje kronene, men at ein samlar kommunane på tvers av kommunegrensene.

Ein mann held tale i eit rom.

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid gler seg over storsatsinga på Vest-Telemark. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Ingen kjepphestar

– Demografiutfordringa me alle ser må me møte med mottiltak. Bygdevekstavtalar er ein slik type tiltak som fylgjer opp fylkeskommunens rolle som samfunnsutviklar i tråd med planstrategien vår om eit skapande og inkluderande Telemark, sa fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

– Me må byggje på det beste som er i lokalsamfunna for å få til denne avtalen! Eg har store forventingar!

– Det er viktig å utfordre oss sjølve, gå inn i samarbeidet med opne sinn, dele godt og leggje vekk eigne kjepphestar slik at me får samarbeidet i bygdevekstavtalen til å fungere! Eg trur dét er suksessfaktoren.

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid gler seg til å vere med på arbeidet.

– Eg har tru på samarbeidet, og fylkestinget og fylkeskommunen er heilhjarta med! Eg gler meg veldig til å vere med på dette arbeidet – det er ei viktig reise!