Bygdevekst i Vest-Telemark

Torunn Raftevold Rue er prosjektleiar for Bygdevekst i Vest-Telemark. (Foto: Styrk Fjærtoft)
Kommunestyret i Tokke støttar Bygdevekst i Vest-Telemark, og alle kommunane er no klare for storsatsing på busetjing, kompetanse og arbeidsplassar.
Publisert:
Tokke kommunestyre vedtok samrøystes i møtet 25. mars å støtte framlegget til Bygdevekstavtala for Vest-Telemark 2025-2028. Ingen av dei folkevalde hadde merknader eller innspel til avtalen som tidlegare er vedteken i formannskapet.
Snart felles signering
– Avtala skal vidare opp i fylkesutvalet etter påske. Deretter skal det vere høgtideleg signering med alle ordførarane og fylkesordføraren. Dette skjer truleg fredag 9. mai med statssekretær frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) til stades, seier prosjektleiar Torunn Raftevold Rue.
Arbeid med handlingsplan
Framover blir det arbeidd med å på plass ein handlingsdel. Tre grupper jobbar med ulike satsingar, og Vest-Telemarktinget skal delta i arbeidet 29. april.
Handlingsdelen skal også vedtakast politisk i alle dei seks kommunane før sommaren. Det er KDD som endeleg godkjenner handlingsplanen.
Tre delmål
Handlingsplanen skal konkretisere arbeidet med tiltaka innan dei tre delmåla Bygdevekst i Vest-Telemark har: Fleire eigna bustader i Vest-Telemark, fleire arbeidsplassar i privat sektor og meir kompetanse innan helse og oppvekst.