Til hjemmesiden
Tre personar i full konferansesal i Vrådal.

Olav Kvipt, Gunn Marit Helgesen og Torgeir Waterhouse blant innleiarane på Vest-Telemarkkonferansen i Vrådal. (Foto: Styrk Fjærtoft)

Rekordmange på KI-konferansen

Rekord med mest 140 påmelde på den 20. Vest-Telemarkkonferansen i Vrådal 6. februar! Basera på tilbakemeldingane levera dei 12 innleiarane varene!

Publisert:

Spørsmålet er ikkje om, men korleis me no best skal ta i bruk KI for å vere i tet med gode løysingar i Vest-Telemark - saman og kvar for oss! Dette var på mange vis gjennomgangstonen på Vest-Telemarkkonferansen på Straand Hotel 6. februar.

Den 20. utgåva av konferansaen hadde mest 140 påmelde som bruka dagen til påfyll av kunnskap saman med gode grannar frå Vest-Telemark.

– Rett KI til rett problem

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid heldt opningstale og fortalde om korleis Telemark fylkeskommune aktivt brukar KI i dag, og om fleire komande bruksområde som fortløpande blir vurdera.

Hovudforedraget sto Torgeir Waterhouse for, og den røynde IKT-eksperten imponera stort med solid kunnskap om KI og kvifor det ikkje er noko alternativ for Vest-Telemark å dryge med å ta i bruk verktøyet.

KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen sa det slik:

– Me må finne rett KI til rett problem, sitje i førarsete, ta aktive val, ha endringsvilje og politisk mot - òg ta kloke, berekraftige val i bruk av energikrevjande KI.

– Trugar KI demokratiet?

I ordskiftet blei blei Sven Tore Løkslid, Torgeir Waterhouse, Gunn Marit Helgesen, Kjartan Almenning og Magnhild Ek Brynilsen ufordra på om KI kan truge demokratiet, men omkvedet var snarare at klok bruk av KI effektiviserar og kvalitetssikrar sakshandsaming før vedtak blir fatta.

Altså var det semje om at det er råd å kombinere KI og sunt bondevett i Vest-Telemark!

Lokale heltar

Dei seks lokale næringsdrivande var ein sann opptur på tampen av konferansedagen. Gjennom ein god time fekk folk godt innblikk i breidda i næringane i regionen vår - frå gigantselskapet Statkraft til Aarak alarm og sikring som gjennom 25 år har sikra verdiar og skræmd og fakka ubedne gjester!

Dei seks næringsdrivande frå Vest-Telemark blad, Statkraft, Rauland Skisenter, Aarak alarm og sikring, Sweco og Kvipt Gjestegard fekk gode skussmål i evalueringa av konferansen.

Foto frå konferansen

Her er eit knippe bilde frå den 20. Vest-Telemarkkonferansen. (Foto: Hans Inge Hagen)