Til hjemmesiden

Møt gardbrukarane i prosjektet

I Vest-Telemark er husdyrdrifta ein føresetnad for mykje av matproduksjonen. Store delar av jordbruksarealet eignar seg best til gras og beite, og husdyr gjer det mogleg å utnytte desse ressursane til mat.

Gardbrukarane som deltek i prosjektet får fagleg oppfølging og rådgjeving gjennom prosjektperioden. Rådgjevarar frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Tine og Nortura bidreg med kompetanse innan mellom anna jordhelse, gjødsling, grovfôrproduksjon og dyrehald.

Målet med rådgjevinga er å identifisere og gjennomføre konkrete tiltak på kvart enkelt gardsbruk. Tiltaka skal bidra til betre agronomi, meir effektiv ressursutnytting og reduserte klimagassutslepp frå drifta.

På denne sida kan du bli betre kjend med gardbrukarane som deltek i prosjektet God agronomi i det grøne skiftet. Gjennom portrett, bilete og historier frå kvardagen på gardane får du eit innblikk i arbeidet som ligg bak maten me alle er avhengige av.

Torill Verpe

Kirsti og Sverre

Kirsti og Sverre driv med mjølkegeit i Tokke kommune. Her kan du bli betre kjent med dei og få eit glimt av kvardagen som geitebønder.

Testbild

Erlend og Åselin

Erlend og Åselin driv med sau og nyoppstarta ammekuproduksjon i Vinje (profilsida er under arbeid)

Testbild

Kåre og Elin

Kåre og Elin driv med geiter i Fyresdal (profilsida er under arbeid)

Testbild

Erlend og Siv

Erlend og Siv driv med Telemarksfe i Fyresdal (profilsida er under arbeid)

Testbild

Karoline

Karoline driv mjølkeproduksjon i Kviteseid (profilsida er under arbeid)

Testbild

Jørund

Jørund driv kombinasjonsbruk i Kviteseid (profilsida er under arbeid)

Testbild

Hans-Christian og Mari

Hans-Christian og Mari driv med sau på Fjone i Nissedal (profilsida er under arbeid)

Testbild

Arnt Erik

Arnt Erik driv kombinasjonsbruk i Nissedal (profilsida er under arbeid)

Testbild

Sigbjørn

Sigbjørn skal ta over garden og drive med storfe i Seljord (profilsida er under arbeid)

Testbild

Signe og Kyrre

Signe og Kyrre driv med mjølkegeiter i Vinje (profilsida er under arbeid)

Testbild

Sondre

Sondre har Telemarksfe og driv med mjølkeproduksjon i Flatdal (profilsida er under arbeid)

Testbild

Hans Roar

Hans Roar driv med ammeku i Tokke (profilsida er under arbeid)

Testbild

Signe og Knut

Signe og Knut driv med sau i Vinje (profilsida er under arbeid)

Testbild

Guro

Guro driv med sau i Fyresdal (profilsida er under arbeid)

Aktuelt

  • Profilside: Kirsti

    No er den første profilsida ute frå landbruksprosjektet vårt i Vest-Telemark! Gjennom 14 portrett skal me bli betre kjende med gardbrukarane som d...

  • Fagsamling: Den nye gjødselforskrifta

    Til nytte eller besvær for landbruket? Vest-Telemarkrådet og landbruksfrovaltinga i Vest-Telemark inviterer til fagsamling om den nye gjødselfors...

  • Folk i konferansesal på Straand Hotel.

    © STYRK FJÆRTOFT

    Beredskap og inkludering på Vest-Telemarkkonferansen 2026

    Alltid beredt? Beredskap, inkludering og næringsutvikling er tema på Vest-Telemarkkonferansen i Vrådal 5. februar 2026. Meld deg på i dag!

  • Meir nytt