Vinje Seljord Nissedal Kviteseid Hjartdal Kart Fyresdal Tokke Småbruk Arrangement Turist

Vest-Telemark Næringsutvikling

 

Næringsutviklingselskapet for Vest-Telemark

Gjeng du med ein tanke om å etablere verksemd, eller har tankar om korleis Vest-Telemark kan bli ein betre region å bu eller arbeide i? Da kan du ta kontakt med oss. Me kan gje rettleiing i korleis du kan utvikle eigen verksemd i regionen. Me arbeider i tillegg med regional utvikling for kommunane i Vest-Telemark. Mellom anna arbeidar me for å realisere satsingane i Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark . 

Selskapet er eigd av Vest Telemark Næringsbygg AS og bankane i regionen. 

Me samarbeider nært med:
Kommunane
Fylkeskommunen
SND
Fylkesmannens landbruksavdeling
Rådgjevingsinstansar
NAV
Bankane

Kontakt med VTNU:
Aktiv og positiv behandling
Alltid konfidensiell behandling
Kostnadsfritt inntil anna er avtalt

VTNU tilbyr hjelp til:
Næringsdrivande og bedrifter
Privatpersonar/etablerarar
Tilflytting av bedrifter til regionen
Samarbeidsprosjekt mellom bedrifter

Eksempel på hjelp/assistanse kan vere:
Prosjektvurdering/diskusjonspartnar
Økonomistyring
Bedriftsutvikling
Utforming av søknader
Oppstarthjelp
Hjelp til etablerara er gratis for kunden 

Konkrete / aktuelle prosjekt og oppdrag
Drift av regionalt etablerarkontor (det finst 5 i Telemark),
Assistanse til bedrifter som vil etablere seg i Vest-Telemark,
Bygdelivsmeklaren
Framtidsretta utvikling av landbruket
Felles profilering av regionen 
Mobilisering av småbruk med sikte på fast busetjing, 
Sekretariat for interkommunalt innkjøpssamarbeid (8 kommunar),
Interkommunalt IT- sammarbeid, 
Konkrete bedriftsprosjekt ved omorganisering, refinansiering o.l

 

Har du synspunkt, eller ynskje så kontakt oss. post@vest-telemark.no  Telefon: 35 06 84 00  Telefaks: 35 06 84 01