HEIM > REGIONALT > Prostidiakon



Prostidiakon

Å gjere Vest-Telemark til ein endå betre stad å leve

Kyrkjelydane i Vest-Telemark er heller små, og dei økonomiske ressursane er ikkje alt for store. Men dei er gode på samarbeid. For 30 år sidan vart tanken om ei felles diakonteneste lansert. Idéen kom frå diakon Gotfred Rekkebo (1911-93) i Nissedal. Etter eit femårig prøveprosjekt med Per Emanuelsen, er det no Eilev Erikstein som er prostidiakon.

Vest-Telemarkmodellen

Sidan 1985 har kyrkjelydane i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid samarbeid om Prostidiakonstillinga i Vest-Telemark. Dette breie diakonsamarbeidet vert gjerne kalla ”Vest-Telemark Modellen” i Kyrkje-Noreg. Tanken har spreidd seg til Indre Finnmark, Otredal prosti og Ytre Sogn, men den siste staden som no har tilsett prostidiakonar etter Vest-Telemarkmodellen er faktisk Bærum prosti!

Diakoni = omsorg

Det vesle ordet diakoni har ein stort innhald. Det tyder ”evangeliet i handling” (Kyrkjemøtet 2007) og har fire kjerneområde:

  • Nestekjærleik
  • Inkluderande fellesskap
  • Vern om Skaparverket
  • Kampen for rettferd

For å slå det heile saman kan ein seie at stikkordet er omsorg.

Sorg- og krisearbeid

Diakoni er alle i kyrkja sitt ansvar, men somme har fagutdanning for å drive verk. Diakonutdanninga krev i dag ein mastergrad.

Prostidiakonen i Vest-Telemark er leiar for diakoniarbeidet. I samarbeid med frivillige vert det utretta eit stort og viktig samfunnsarbeid. Ein diakon har eit spesielt ansvar for sorg og krisearbeid. Diakonen skal vera kyrkja sin forlenga arm ut mot samfunnet, og ha eit spesielt ansvar for samarbeid mot NAV, Psykisk helse og kommunane.

Byggesteinen i heile tenesta er likevel alle samtalane med folk. Om likt og ulikt. Utanfor eller innanfor.

9 jan 2013

Vest-Telemarkmodellen i diakoni vert det snakka om i kyrkje-Noreg. Eit lite bidrag til norsk diakon- og kyrkjehistorie frå Vest-Telemark.

Les vandringsrapporten frå pilegrimsvandringa i 2011.

Pilegrimstradisjonen har mykje å tilby menneske som ber ekstra tunge bører.


Kontakt Eilev

E-post: eileverSPAMFILTER@online.no <eileverSPAMFILTER@online.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Telefon: 911 13 580

Heimeside:
www.prostidiakon.no


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.