HEIM > REGIONALT > Felles Ungdomsklubb i Vest-Telemark



Felles Ungdomsklubb i Vest-Telemark

Felles Ungdomsklubb i Vest-Telemark er eit tverrfagleg og interkommunalt samarbeid mellom kommunane Seljord, Kviteseid og Vinje, der målet er å skape trivsel.

Bakgrunn for prosjektet

I mars 2011 blei det på 3 vekers varsel invitera til, og gjennomført, ein felles ungdomsklubb for ungdom 13-17 år. Dette i samband med eit sportsarrangement i Morgedal. Rundt 100 ungdomar frå heile Vest - Telemark møtte opp og hadde ein flott kveld. Helsestasjon for ungdom hadde stand, noko som resulterte i fleire treff seinare hjå lokal helsestasjon. Dette tiltaket blei møtt veldig positivt frå ungdommen sjølv, og det blei etterspurt fleire slike arrangement. Med bakgrunn i erfaringane frå denne kvelden kom det eit ynskje om å prøve ut eit samarbeidsprosjekt mellom ulike tenester som jobbar med ungdom på tvers av kultur og helse innan kommunane i Vest - Telemark.

Eit fast samarbeid

Seljord, Kviteseid og Vinje tok utfordringa og etablerte frå hausten 2011 eit fast samarbeid for å føre vidare prosjektet. Kommunane har gått inn med tilskot, i tillegg til at det er søkt midlar frå ulike organisasjonar, tiltak, fond og liknande. Ulike kommunale tenester som jobbar med ungdom deltek i prosjektgruppa, høvesvis helsestasjon, kyrkja, ungdomsklubb, kultur, psykisk helse og politiet.

I arbeidsgruppa for året 2013 sit:

  • Petter Jakobsen (leiar, ungdomsprest Seljord)
  • Gunhild Kåsa Dehli (nestleiar, leiande helsesøster Seljord)
  • Silje Hagen (mark.føring/øk.ansvarleg, ungdoms- og fritidsleiar Vinje)
  • Gørild Bothner Kanstad (styremedlem, interkommunal psykologteneste Vest–Telemark).

Tilskipingane blir planlagt i tett samarbeid med lokal ungdom.

Felleskap og identitet

Prosjektet Felles Ungdomsklubb har som mål å skape trivsel gjennom å arrangere tre årlege ungdomsklubbar. Å arrangere ungdomsklubb på tvers av kommunegrensene gjev fleire fordelar:

Ungdomen knyt kontaktar på tvers av kommunegrensene, dette er med på å skape identitet og tilhøyrsel til heile Vest-Telemark. Trivsel er ein viktig faktor som er med på å styrke ynskje om å bli buande i sin heimkommune (evt. grannekommune) etter endt studie.

I tillegg er det ut i frå eit førebyggjande helseperspektiv, der trygge, sosiale og rusfrie arenaer sjåast som viktige i det førebyggjande helsearbeidet for ungdom. Felles klubbkveldar gjev gode rammer for oppsøkjande førebyggjande arbeid blant ungdom. 

Helse og trivsel

Trivsel er viktig når me vel kvar me vil bu. Trivsel er viktig for god helse. For dei som kjem frå små miljø er det bra med møteplassar på tvers av etablerte ungdomsmiljø, slik Felles Ungdomsklubb legg opp til. På klubbkveldar i regi av prosjektet, blir det lagt opp til at ungdommen skal kunne få informasjon frå ulike tenester. Vaksne er tilgjengelege for rettleiing og refleksjon i spørsmål knytt til helse, verdiar og haldningar. Godt førebyggjande arbeid er kjenneteikna ved godt samarbeid tenester imellom. Ved å møtast gjennom prosjektet, skapar me gode arenaer for tverrfagleg samarbeid og får utvida våre faglege nettverk. Det aukar - igjen - trivselen i eigen jobb!

Vonar å få med resten av Vest-Telemark

Me vonar at me på sikt kan få med fleire av Vest–Telemark-kommunane i prosjektet, då det er mange gevinstar innan dette samarbeidet: ungdomane møtast for å ha det moro, det gjev høve til gode møtepunkt mellom vaksne og ungdom, og me vaksne blir mange idear, tankar og erfaringar rikare...


ÅRSHJUL 2013

Klikk for stort bilete

Me vil koma attende til detaljar rundt arrangementa, med atterhald om at dato/tid/stad kan bli endra…

Minifestival i Seljord

Klikk for store bilete


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.