HEIM > REGIONALT


REGIONALT

Saman er me sterkare


Vest-Telemark

Inne i landet, midt mellom aust- og vestland, med Setesdalen på sørsida og Kongsbergregionen på nordsida, finn du Vest-Telemark.

  • 6 kommunar
  • 14.000 innbyggarar
  • 7.700 km2

Vest-Telemark er ein kommuneregion med ei felles historie. Kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal og Nissedal samarbeider om å skape ein god stad for arbeid, bustad og oppleving.

Me har fleire senter i regionen. Dei største er Seljord og Åmot i Vinje, men satsing på reiseliv gjer at me også har gode handels- og servicetilbod i mange små sentrum i heile Vest-Telemark.

Distriktspolitisk samarbeidsorgan

Vest-Telemarkrådet har gjennom åra utvikla seg til å bli eit viktig distriktspolitisk samarbeidsorgan for kommunane i Vest-Telemark. Organet har ei sentral rolle i arbeidet med å legge til rette for interkommunalt samarbeid og finne felles løysingar som gjev betre tenester til innbyggjarane. Eit godt samspel mellom kommunane er heile tida avgjerande for god måloppnåing.

Regionen har gjennom samarbeidet oppnådd:

  • Auka samhald og sterkare felles identitet
  • Å framstå som ei samla eining i høve til stat, fylkeskommune og omgjevnad elles
  • Betre grunnlag og større tynge i forhandlingsspørsmål
  • Betre grunnlag for å nå fram i høve til felles søknadar
  • Semje i vanskelege saker
  • Auka lokal merksemd og betre grunnlag for etablering av samarbeidsordningar
  • Betre grunnlag for etablering og busetting i regionen
  • Auka grunnlag for felles investeringar i infrastruktur som t.d. breiband

Saman er me sterkare

Me har over tid sett ei aukande sentralisering og overføring av ressursar frå distrikt til sentrale strok. I tida som kjem vil ein difor meir enn nokon gong trenge gode samarbeidsorgan og sterke talspersonar som kan ivareta distriktets interesser.

Vest-Telemark på Wikipedia



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.