HEIM > OPPLEV > Verdiseminar for ungdom i Vinje


Verdiseminar for ungdom i Vinje

Kultur frå i går til i dag


Verdiseminar for ungdom i Vinje

Hundre og tredve ungdomsskuleelevar frå Vinje var samla til verdiseminar på Vinjehuset på måndag.

Verdiseminaret er eit samarbeid mellom elevar, skulesjefar og prostidiakon Eielv Erikstein. Det er andre året seminaret blir arrangert, og tema for samlinga var verdival. Verdival kan opplevast både spennande og kaotisk. ME tek større eller mindre val kvar dag, men hugsar me vala våre når me kjem i ulike situasjonar?

Flott ungdom

Eivind og Lawrence frå Rauland skule, Margit og Levi frå Edland skule, Ingrid, Håkon, Awal og Oda frå Åmot skule sat i årets arrangementskomite og har jobba med oppleget sidan i fjor haust. Som seg hør og bør; ordførar Arne Vinje opna seminaret. Han snakka om rettferd og likskap, og at det er viktig å byrje tidleg med å jobbe for forståing og empati.
– Ulikskapar gjev oss eit rikt samfunn, formidla han til deltakarane. 

I dei fire timane seminaret varte, fekk deltakarane også sjå eit par filmar om menneskerettar som gav dei fleste noko å tenkje på. Møtet med ein innsett og ein fangevoktar frå Skogsleiren i Fyresdal gjorde også inntrykk. Gjennom desse to fekk dei frammøtte eit innblikk i fengselslivet, og kunne reflektere over korleis vala ein tek er heilt avgjerande for livet vidare. Elles blei det ein artig runde kring temaet sosiale medier og kva dette betyr i kvardagen.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.