HEIM > OPPLEV > Telemark Energiforum 2015


Telemark Energiforum 2015

Kultur frå i går til i dag


Telemark Energiforum 2015

I Noreg har me lange tradisjonar innan vasskraft, olje, gas og mineral. Austlandet har Noregs desidert største offshoreklynge på eksport, og er i sterk vekst. Energimarknaden krev reduserte kostnadar, det er nye krav til effektivisering og nye måtar å organisere arbeidet på. Me konkurrer med nærmarknadar i Europa med 55 prosent lågare løningar, samt ein halvert oljepris.

Sentrale spørsmål blir:

  • Korleis kan Telemark innta leiarposisjon på Austlandet
  • Kva kan me lære av kvarandre og dermed styrkje konkurransekrafta?
  • Korleis sikre overføringsverdi frå olje- og gasprosjekt til landbasert industri?

Konferansen presenterer Noregs leiande røyster frå næringsliv og myndigheiter. Bidragsytarar er mellom anna:

  • Professor Torger Reve, Handelshøyskolen BI
  • Olje- og energiminister Tord Lien
  • Executive Vice President Steinar Bysveen, Statkraft ASA
  • Hege Skryseth, Executive Vise President, Kongsberg Gruppen ASA
  • Rune Thoresen, General Manager Europe, Africa and Russia, FMC Technologies

Konferansier er Terje Svabø (Svabø Nyheter & Analyse).

Stad: Brattrein Hotell, Notodden

Tid: Tysdag 29. september kl.09.00-18.00

SJÅ PROGRAM OG MELD DEG PÅ HER!

Arrangør: Telemark Technologies, Vest-Telemark Teknologipark i samarbeid med Telemark fylkeskommune.

Partnarar: Statoil, Kongsberg Gruppen, FMC Technologies, Statkraft, Telemark Offshore, Subsea Valley, Høgskolen i Telemark, SIVA og Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

29. september 2015

man tir ons tor fre lør søn
   V          


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.