HEIM > OPPLEV > Sterk vandreutstilling om vald og overgrep mot barn


Sterk vandreutstilling om vald og overgrep mot barn

Kultur frå i går til i dag


Sterk vandreutstilling om vald og overgrep mot barn

Vest-Telemarkrådet og prostidiakonen i Vest-Telemark oppmodar innbyggjarar i Vest-Telemark til å sjå utstillinga «Hvis klær kunne fortelle» som blir vist fram i regionen vår i løpet av dei neste to vekene. Utstillinga er ein dokumentasjon av omsorgssvikt, vald og overgrep mot barn. Saman med tekst fortel om lag tjue klesplagg og gjenstandar historia til nokre av desse.

Ynskjer å vekkje folk

Det er organisasjonen Reddesmå.no med Øyvind Aschjem og Siri Søftestad i spissen som står bak utstillinga. Utstillinga har skapt stor merksemd i heile landet og mange har blitt rørt av dei sterke inntrykka.

Handling byrjar med å sjå

Prostidiakon Eilev Erikstein meiner me alle har noko å lære gjennom ei slik utstilling. At handling og hjelp fyrst og fremst byrjar med å sjå. Å opne augo.

– Mange blir forferda og lei seg av å sjå og ta på kleda som faktisk har vore fylt opp av levande små menneske. Det gjer oss medvetne på at mange born lever i svært vanskelege kår rundt oss, seier han.

– Det er ikkje farleg å bli sint, lei seg eller kjenne at dette er vondt å sjå. Det vonde er at det vonde skjer!

Initiativstakar og familieterapeut Øivind Aschjem skal ha fleire foredrag i løpet av perioden utstillinga vitjar Vest-Telemark. Eilev meiner Aschjem er ein formidlar som lyfter fram dette vanskelege temaet på ein nær og flott måte, og oppmodar alle vesttelar til å ta turen til utstillinga i perioden 10. til 22. januar.

– No er det vår tur til å opne augo for vald og overgrep mot born, seier Eilev.

Her kan du sjå utstillingane i Vest-Telemark:

Tokke kulturhus, Dalen:
Laurdag 10. januar kl. 11-15
Måndag 12. januar kl. 15-21 (Offisiell opning kl. 18 v/ stortingsrepresentant Lene Vågslid, familieterapeut Øivind Aschjem og ordførar Hilde Alice Vågslid)
Tysdag  13. januar kl. 13-15

Vinjehuset, Åmot:
Tysdag 13. januar kl. 17-19
Onsdag 14. januar kl. 9-19

Granvin kulturhus, Seljord:
Laurdag 17. januar kl. 9-16
Sundag 18. januar kl. 15-22
Måndag 19. januar kl. 8-20 (Folkemøte kl 18 m/ familieterapeut Øivind Aschjem og prostidiakon Eilev Erikstein. Temaet er vald i nære relasjonar)

Gimle skule, Fyresdal:
Tysdag 20. januar kl. 12-20

Nissedal fleirbrukshus, Treungen:
Torsdag 22. januar kl. 12-20 (Temamøte i kinosalen kl 18.30 m/ Eilev Erikstein og Ruth Elin Rennestraum med føredraget «Korleis er det for born å leve med vald i nære relasjonar?»)



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.