HEIM > OPPLEV > Ny nettside for Vinje kommune


Ny nettside for Vinje kommune

Kultur frå i går til i dag


Ny nettside for Vinje kommune

19 juni 2014

Vinje kommune har som mål å vere ein av dei beste digitale kommunane i landet.

Dei har jobba mykje med utviklinga av nettsidene som tilbyr brukaren ei enkel og døgnopen tenesteplattform, der ein kan finne den informasjonen ein treng, uansett tid og stad. I praksis betyr dette at der publikum før måtte klikke og leite seg gjennom fleire nivå for å koma til «målet», kan dei no søkje etter tenesta i søkjefeltet midt på sida og få direkte og relevante treff. 

Innovativt

Generelt har kommunale nettsider i Noreg ein omfattande og kompleks struktur. Fleire testar utført av mellom anna Forbrukerrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) dei siste åra, syner at det kan vere tildels vanskeleg å finne informasjonen på norske kommunale nettsider. Å gjere nettenestene enklare og meir tilgjengelege for folk var difor bakgrunnen til at Vinje kommune gjorde grep. 
– Det er svært viktig å ha ei nettside der det er enkelt å finne fram, seier tenestetorgsjefen i Vinje, Sten Andersen. Han har leia arbeidet med utviklinga av den nye nettløysinga.
Han trur at folk i mykje større grad enn før ynskjer å finne informasjonen sjølv, utan at dei må ringe eller møte opp hjå kommunen.
– Men då må også kommunen syte for å ha løysingar som er så gode at folk klarer det, seier tenestetorgsjefen. Han ikkje er i tvil om at ei optimalisert nettside vil kome til å gje stor gevinst for både publikum og kommunen, i høve til både service og økonomi.

På alle flater

I dag nyttar folk i stor grad også både mobil og nettbrett til tenestesøk, og dei nye nettsidene er difor tilpassa desse. Etter å ha vore publisert i ei knapp veke, har kommunen allereie fått inn mange positive attendemeldingar på den nye nettportalen sin. Sjølv om det meste av informasjonen no skal vere på plass, kan det likevel skje at sidene manglar noko informasjon, nemner Sten. Så om du oppdagar manglar eller feil på sida, oppmodar han publikum om å sei ifrå til tenestetorget, slik at nettenestene kan bli oppdatert og optimalisert.

Sjekk ut den nye portalen her: www.vinje.kommune.no



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.