HEIM > OPPLEV > Multisport-action i Morgedal


Multisport-action i Morgedal

Kultur frå i går til i dag


Multisport-action i Morgedal

23 aug 2013

I multisport tevlar deltakarane i minst to ulike disiplinar. I alle disiplinane handlar det om å tolke og bevege seg på ulike vis i landskapet. I morgon er det kajakkpadling, sykling og løp som gjeld.

Tøff, tøffare, tøffast

På laurdag kan dei tøffaste melde seg på «The Mountain Challenge», som er den lengste og hardaste konkurransen i tevlinga. Her gjennomfører deltakarane fem kilometer kajakkpadling, 28 kilometer på sykkelsetet i terreng, for så å springe 12 kilometer før dei kryssar mållina. Løypa er for individuelle som vil ha ei utfordring eller for lag som vil teste seg, sidan kvar øving  i seg sjølv er krevjande, uttalar arrangøren.

Kajakkdisiplinen blir utført på Morgedalstjønni, medan terrengsykling og løp skjer i eit variert og spennande terreng. Bratte bakker, grusvegar, skog og myr er stikkord for denne løypa. Kort sagt eit krevjande løp, også for dei som er i god form.

Test forma

«Morgedal Classic» er ei litt kortare og enklare øving med kajakkpadling i 1.5 kilometer, terrengsykling i 10 kilometer og springing i 3 kilometer – og alle aktivitetane skjer kring Morgedalstjønni. Arrangøren oppmodar sterkt til å prøve denne løypa. Det einaste du risikerer er å ha det moro, lokkar dei.

«Morgedal Mini»

Dette er ei spesielt tilrettelagt løype for multisport-spirer. I multisport har mange potensiale til å gjera det bra sidan løypa har fleire ulike greiner og variasjonar. I Morgedal Mini er det ingen kajakkøving og øvre aldersgrense er 12 år. Det er meldt strålande vêr i morgon og det burte lokke mange deltakarar og tilskodarar til Morgedal for å heie fram sporty deltakarar.

> Meir info om Multisport Morgedal

man tir ons tor fre lør søn
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.