HEIM > OPPLEV > Lokal mat > Heimdal Høglandsfé


Heimdal Høglandsfé

Kultur frå i går til i dag

KONTAKT

Tlf: 906 24 376 / 906 33 352

E-post:  nottov-hSPAMFILTER@online.no <nottov-hSPAMFILTER@online.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
eller  hegeheimdalSPAMFILTER@live.no <hegeheimdalSPAMFILTER@live.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)   

Villsau


Heimdal Høglandsfé

Heimdal Høglandsfé sel økologisk kjøt av høglandsfé og villsau, med ein smak av Nissedal.

Heimdal Høglandsfé held til i Heimdal, ei lita grend omlag fem km aust for Treungen sentrum, i Nissedal kommune. 

I 2000 starta Hege og Nottov opp med høglandsfé og villsau, og tilbyr i dag:

  • Livdyr av høglandsfé
  • Kjøt og kjøtdeig av høglandsfé
  • Skinn av høglandsfé
  • Villsauskinn
  • Kjøt av villsau (ein-sau-i-ein-ask) 

Økologisk

Dyra i Heimdal går ute heile året, og et kratt, gras og grovfôr om sommaren, og høy om vinteren. Dyra er så å seie aldri sjuke. I økologisk husdyrhald er ein svært varsam med medisinar, og brukar ikkje kunstgjødsel eller sprøytemiddel i fôrproduksjonen. 

Kjøt med smak av Nissedal

Sidan dyra i Heimdal berre et vekstar frå Nissedal får kjøtet også eit smakspreg av Nissedal. Villsaukjøtet har ein litt mildare smak enn anna sauekjøt, og inneheld også mindre feitt. Høglandsféet gjer om krattskog til velsmakande biff! Dess meir ulikt fôr av lauv og kratt dei får, dess betre blir smaken på kjøtet. 

Last ned brosjyre:

Heimdal



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.