HEIM > OPPLEV > Lokal mat



Lokal mat

VEST-TELEMARK OG MATKULTUREN

"Å, kunne eg fara til Telemark og leva ei sumarstund!", skreiv Per Sivle i si tid.

Folk forbind Telemark med tradisjon, kultur og truverd. Me kan by på dei nære og autentiske opplevingane. Det å vera gjestfri og raus har stått sterkt i Vest- Telemark. Me ynskjer sjølvsagt at det skal vera slik i dag òg. 

Å laga god mat var og er forbunde med stoltheit. Det var status å kunne laga til både god kvardagsmat og helg- og høgtidsmat. Den beste hagletta, den beste gommen, den gjævaste klingen.

(Bodil Nordjore, turbobudeie og lektor i norsk tradisjonsmat)

KVAR FÅR DU TAK I LOKAL MAT?

Desse butikkane er gode til å ta inn småskalamat frå lokale produsentar:

Desse serveringsstadene har ofte menyar som inkluderer lokale produkt:

PRODUSENTAR AV LOKALMAT

Dette er produsentane av spesial- og lokal mat - og drikke i regionen vår:

Fjellbryggeriet i Åmotsdal har i løpet av kort tid markera seg som ein solid produsent av kvalitetsøl.

Ysteriet i Haukeli lagar Chèvre Kvitmugg og Naturell av geitemjølk.

Heimdal Høglandsfé sel økologisk kjøt av høglandsfé og villsau, med ein smak av Nissedal.

Kråkeroe-staulen ligg i lengst nord i Seljord kommune, 930 moh. Her kan du få tak i smør, rjome og knåost heile sommaren. 

Frå geitestøylen Lega i Øyfjell i Vinje kjem det milde geitostar og prim, samt heimelaga knekkebrød og supergode pizzabotnar.

Her får du «verdas beste iskrem frå verdas vakraste kyr»! Telemarkis er eit ekte gardsprodukt frå Seljord, laga av mjølk frå Telemarkskyri.

På Garden Øverbø i Åmotsdal har det blitt ysta og koka geiteprim på staulen i fleire hundre år.

På Skolås gard i Øyfjell i Vinje kan du få tak i knaost, rjome, smør, gomme, haglette og molter.

Tre driftige og humørfylte damer frå Morgedal lagar flatbrød etter gamal oppskrift.

Frå Skålid i Fyresdal kan du kjøpe økologisk storfekjøt frå dyr som lever fritt i pakt med naturen.

Kaldrøykt røye frå Sivert Graasvoll på Skålestrondi i Vinje.

Vesaaskurven er ei einerrøykt middagspylse av sau- og lammekjøt, laga etter ei gamal oppskrift frå Vesås.

Vinje slakteri er eit lite slakteri og ei foredlingsbedrift i Våmartveit i Vinje kommune.

I Øyfjell i Vinje blir det baka eit heilt spesielt flatbrød.


Bodil Nordjore, kjend formidlar av mattradisjonar

Lær å bake brød med saup av Bodil:

Geiteleit. På jakt etter lokalmatprodusentar. Foto: Kjersti Kaasa, VTB


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.