HEIM > OPPLEV > KURSTIPS # 15: Spinning av lin


KURSTIPS # 15: Spinning av lin

Kultur frå i går til i dag


KURSTIPS # 15: Spinning av lin

11 sep 2013

Historisk sett er kanskje lin den mest interessante av alle tekstilfibrar. Den er eldst av alle kulturvekstar, og ved sida av ull den fyrste fiber som blei spunnen av menneska.

Nyttig på fleire vis

Lin er ei eittårig plante, som kan bli opptil 1,25 m høg. Den vert hausta når den er gulmogen, dvs. når stengelen er gulna og blada falne av. Linet blir drege opp med rota for at det ikkje skal bli opne snittflater, og for at stengelen skal bli lengst mogleg. Linet blir tørka ute på marka, og deretter blir frøhusa plukka av (av linfrøa får me linolje).

Innhaldsrike dagar

Kurshaldar Anne Holen vil desse dagane lære deg om spinneutstyr, korleis ein legg lin på rokkehovud og spinning av ymse kvalitetar. Når du er i gang med spinninga vil ho orientere om linsortar, dyrking og bearbeiding, slik som tørking, røyting, braking m.m. Du kan ta med deg din eigen rokk eller du kan leige på kursstaden.

Dato: 31. oktober - 3. november
Påmeldingsfrist: 16. september

> MEIR INFO - MELD DEG PÅ - RAULANDSAKADEMIET

> LAST NED HEILE KURSKATALOGEN

Raulandsakademiet er den staden i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk!

man tir ons tor fre lør søn
             


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.