HEIM > OPPLEV > Friluftslivets år 2015


Friluftslivets år 2015

Kultur frå i går til i dag


Friluftslivets år 2015

13. januar er offisiell opningsdato for Friluftslivets år 2015. Mål for året er å auke merksemda til friluftsliv og gje positive verknader på folkehelsa. Nærmiljøet, heilårsfriluftsliv, fritidsfiske og kulturminne er område som skal ha spesielt fokus dette året. Hovudmålgruppene er barn, ungdom, barnefamiliar og andre grupper som er lite fysisk aktive. Friluftsliv skal være enkelt og tilgjengeleg! Friluftslivets år har tidlegare vore arrangert i 1993 og 1995.

Samarbeid

Året vil bli arrangert som eit samarbeid mellom friluftslivsorganisasjonar, andre organisasjonar, ulike offentlege instansar og det private næringsliv. Klima- og miljødepartementet står bak det heile som prosjekteigar, mens Miljødirektoratet er prosjektleiar. Friluftslivets fellesorganisasjon har fått tildelt det praktiske ansvaret for daglig leiing, planlegging og gjennomføring av året.

Kva skjer?

Det blir arrangert ei rekke fakkelturar i Telemark i samband med opninga av Friluftslivets år 2015. Informasjon om dette ligg ute på nettsidene til Telemark Turistforening. UT.no skriv om korleis du kan vere med på det som skjer samstundes som du er meir ute enn før. Regjeringa informerer òg om aktiviteter på opningsdagen. Store og små opningsarrangement er planlagt over heile landet!

> Meir informasjon om alt som skjer gjennom året ligg ute på Friluftslivets år 2015!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.