HEIM > OPPLEV > Forsoning på Verdiseminaret i Vinje


Forsoning på Verdiseminaret i Vinje

Kultur frå i går til i dag


Forsoning på Verdiseminaret i Vinje

28 okt 2014

Fyrstkomande laurdag 1. november, arrangerer Diakonatet i Vest-Telemark og Vinje kommune det årvisse verdiseminaret på Vinjehuset.

Aktivt val

Tema for årets seminar er forsoning. Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, fortel at dei har invitert fleire ulike innleggshaldarar for å drodle kring dette store emnet.
– Det finst mange slag forsoningsprosjekt. Alt frå dei store forsoningane ute i verda til forsoningar oss med sjølv, naboar eller i bygdemiljøet, seier Eilev.
– I fare for å bli sitjande fast i bitre tankar og klare forsone seg med hendinga, må ein ta eit aktivt val om å gå vidare.
At temaet forsoning blir drøfta dagen før Allehelgenssundag er fint, synest Eilev.
– Når nokon blir borte frå oss, er det verkeleg mykje ein må forsone seg med.

Stillferdig seminar

Tradisjonelt har Verdiseminaret i Vinje teke opp tema som prostidiakonen beskriv som «litt sære og lite drøfta i samfunnet». Forsoning føyer seg inn i den rekkja.
– Me ynskjer å lyfte dei store spørsmåla inn i samfunnsdebatten, forklarer han.

Eilev trur ikkje forsonings-temaet vil skape debatt på laurdagens seminar, men heller vil føre til meir lågmælt snakk mellom deltakarane. Han håpar at alle skal få med seg noko verdfullt heim frå Vinjehuset på laurdag – eit ord, ei setning eller ei samtale som kan koma til nytte i kvar einskilds liv.
– Det blir nok eit meir stillferdig seminar denne gongen, smiler prostidiakonen.

Seminaret er gratis og ope for alle - møt opp på Vinjehuset kl 11.00.

«Bitterhet er som å drikke gift og håpe det vil ta livet av dine fiender»- Nelson Mandela

 

Program kl 11.00-14.30:

  • Opning ved varaordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven
  • «Å forsone seg med endringar», ved Audun Myhre, vikarprest i Tokke
  • «Trengs det framleis brubygging mellom Rauland og Vinje femti år etter kommunesamanslåinga?», ved Åsta Østmoe Kostveit
  • «Å forsone seg……..!!!?», ved Torgrim Otterholt tidlegare rektor ved Vest-Telemark Vidaregåande
  • «Forsoning i lokalpolitikk», ved Einar Søreide , lokalpolitikar i Kviteseid, tilsett ved Vest-Telemark PPT
  • «Å forsone seg med den ein er» ved Åshild Andersen Ringhus skulelev ved Vest-Telemark vidaregåande Skule
  • Forsoningstenste, ved Asgeir Sele, prost i Øvre Telemark
  • Opplesing ved Kari Bjåen

1. november 2014

man tir ons tor fre lør søn
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.