HEIM > OPPLEV > Bli kjent med Vest-Telemark


Bli kjent med Vest-Telemark

Kultur frå i går til i dag


Bli kjent med Vest-Telemark

7 juli 2014

Vest-Telemark er ein kontrastrik region med alt frå høgfjell og vidder til sandstrender og kystlandskap, frå tett trollskog til spennande Telemarkskanal.

I og mellom desse landskapa møter du eit levande bygdemiljø med lange og rike tradisjonar innan kunst, kultur- og friluftsliv.

Regionen byr på eit breitt spekter av aktivitetar. Også for deg som ynskjer meir enn stille og ro. Dei djupe røtene er solide, men blir også tekne vidare til nye, sprelske høgder. Ikkje minst i ein av Noregs største skateparkar som ligg på Rauland.

Det er fleire tilrettelagde vandreruter i regionen der du kan kjenne frisk fjelluft i vill natur eller nyte mild sørlandsbris i idylliske små tettstader. Opplevingane og smakslaukane krydrast med lokalmat av høg kvalitet - i vestfylket finn du mange aktørar som produserer mat med botnsolid kunnskap og hjarta på rette staden.

Ta med deg born, familie og vener og skap minnerike dagar i Vest-Telemark!

>Last ned sommarbrosjyra for Vest-Telemark her

>Finn flotte vandreruter i Vest-Telemark her

Last ned sommarbrosjyra 2014



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.