HEIM > OPPLEV


OPPLEV

Kultur frå i går til i dag


Frå hardingfele til trippel backflip

I vestfylket av Telemark finn du folketradisjonen i levande live, både gjennom mat, musikk, kunst- og handverk og forteljarkunst. Samstundes finn du den innovative vesttelen, med sans for utvikling og nye idear, for å bevare folkelivet og busetnaden i denne delen av Noreg.

Frå vidde til sørlandsidyll

Seks innlandskommunar som strekker seg frå majestetiske fjell- og viddeområde i Vinje, til djupe dalar i kraftkommunen Tokke. Gjennom kanal- og turistkommunen Kviteseid og kultur- og sogesenteret Seljord, til mystiske og naturskjønne Fyresdal og ”sørlandsidyllen” Nissedal.

 
19 nov 2012

Kven er best til å skape vekst i nabokommunen? I samband med Gründeruka 2012 delte Innovasjon Norge i Telemark ut pris til den kommunen som er best til å skape vekst hjå naboen. Vinnaren i år vart Seljord.

12 nov 2012

Den årlege kåringa av årets Vesttele er i gang, og Vest Telemark Blad ynskjer framlegg til kandidatar frå deg. Kven meiner du er årets Vesttele? 

Odd Nordstoga har fått den. Bodil Nordjore har fått den. Kven bør få den i år? Send inn ditt forslag til kandidatar! Fristen er 1. oktober.  

Vil du halde deg oppdatert på ting som skjer i Vest-Telemark osv? Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram!

Om mindre enn to veker startar ei av landets største og lengtslevande landbruks- og handelsmesser, Dyrsku`n i Seljord. Her kan du sjå kva som står på programmet i år!

Vest-Telemark Museum er som eitt av tre museum, nominert til den nasjonale prisen «Årets museum 2012». Vinnaren vert gjort kjent 13. september. 

Turen gjennom Telemarkskanalen sundag vart ein folkfest, og samla heile 1,3 millioner TV-sjåarar. Her finn du lenker til presseoppslag, bilete og opptak frå turen! 

Kremmardamer frå Åmot og Øyfjell i Vinje skipar til eit godt gamaldags handelsmøte i Åmot laurdag 18. august. Har du ein kremmar i magen så hiv deg med! Damene har håp om å få dette til ein gong i månaden!

Store økologiske og kulturhistoriske verdiar i Svartdal

Turmarsjen Lårdalstigen har 5-årsjubileum laurdag 26. mai



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.