HEIM > OPPLEV


OPPLEV

Kultur frå i går til i dag


Frå hardingfele til trippel backflip

I vestfylket av Telemark finn du folketradisjonen i levande live, både gjennom mat, musikk, kunst- og handverk og forteljarkunst. Samstundes finn du den innovative vesttelen, med sans for utvikling og nye idear, for å bevare folkelivet og busetnaden i denne delen av Noreg.

Frå vidde til sørlandsidyll

Seks innlandskommunar som strekker seg frå majestetiske fjell- og viddeområde i Vinje, til djupe dalar i kraftkommunen Tokke. Gjennom kanal- og turistkommunen Kviteseid og kultur- og sogesenteret Seljord, til mystiske og naturskjønne Fyresdal og ”sørlandsidyllen” Nissedal.

 
6 mai 2013

Få grunnleggande innføring i dragestilen i norsk treskjerartradisjon. Ta eit kurs på Raulandsakademiet i juni.

1 mai 2013

10. og 11. mai vert det vårmarknad på Dyrskuplassen i Seljord igjen. Marknaden vert avslutta med konsert med Morten Abel på laurdag kveld.

25 april 2013

I juli vert det aktivitetsveke for ungar frå 8 - 14 år. Spikking, friluftsliv, tekstilarbeid, sølvarbeid og matlaging står på programmet.

24 april 2013

Den årlege Vårdagen i Lårdal går av stabelen sundag 28. april!

18 april 2013

Den gamle favorittbuksa di kan bli til ein tøff kjole! Ein av Noregs mest spennande klesdesignarar held kurs i redesign på Raulandsakademiet i sommar. 

15 april 2013

Raulandsakademiet har i fleire år arrangert laftekurs om sommaren. Kursa varar i 2 veker og du lærer kunsten av ein lokal laftemeistar frå Rauland.

26 mars 2013

Det fantastisk spennande og store kurstilbodet på Raulandsakademiet er ukjend for mange. 

22 mars 2013

Det vert arrangert fleire flotte turrenn i vestfylket i påska. Her er noko for både mosjonistar og racerar, store og små.

23 jan 2013

I løpet av tre dagar i februar vert firkanta snoklossar forvandla til skulpturar og kunstverk i Åmot sentrum. Meld deg på, og delta i snoforminga!

10 des 2012

Også i år inviterer Vest-Telemark blad lesarane til å vere med og avgjere kven dei meiner fortener heiderstittelen «Årets vesttele».



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.