HEIM > OPPLEV


OPPLEV

Kultur frå i går til i dag


Frå hardingfele til trippel backflip

I vestfylket av Telemark finn du folketradisjonen i levande live, både gjennom mat, musikk, kunst- og handverk og forteljarkunst. Samstundes finn du den innovative vesttelen, med sans for utvikling og nye idear, for å bevare folkelivet og busetnaden i denne delen av Noreg.

Frå vidde til sørlandsidyll

Seks innlandskommunar som strekker seg frå majestetiske fjell- og viddeområde i Vinje, til djupe dalar i kraftkommunen Tokke. Gjennom kanal- og turistkommunen Kviteseid og kultur- og sogesenteret Seljord, til mystiske og naturskjønne Fyresdal og ”sørlandsidyllen” Nissedal.

 
13 mai 2014

17. mai 2014 er det 200 år sidan grunnlova blei vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll. 

17 jan 2014

Sidan 1985 har Prostidiakonen i Vest-Telemark eksistert som eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. 

10 okt 2013

Sidan 2004 har Diakonatet i Vest-Telemark arrangert verdiseminar i samarbeid med Vinje kommune.

1 okt 2013

Kviteseid kommune er i gang med eit spennande bulystprosjekt. Fyrstkomande torsdag kveld inviterer dei til open workshop på Granlien.

27 sep 2013

Brannvesenet i Vinje har gått inn i prosjektet, «Mens du venter på ambulansen», som Norsk Luftambulanse har sett i gang. 

11 sep 2013

Historisk sett er kanskje lin den mest interessante av alle tekstilfibrar. Den er eldst av alle kulturvekstar, og ved sida av ull den fyrste fiber som blei spunnen av menneska.

23 aug 2013

I multisport tevlar deltakarane i minst to ulike disiplinar. I alle disiplinane handlar det om å tolke og bevege seg på ulike vis i landskapet. I morgon er det kajakkpadling, sykling og løp som gjeld.

5 aug 2013

Med ein fot i opplysningstida og ein i romantikken går Aasen hausten 1842 laus på det omfattande språkarbeidet. 

2 aug 2013

Norseman Extreme Triathlon er eit norsk triathlon-stevne. Arrangementet feirar i år 10-årsjubileum og blir mellom anna omtala som «the ultimate triathlon on the planet Earth».

I Fyresdal feirast Olsokdagane denne helga på tradisjonelt vis - med Olsokspelet som høgdepunkt. 



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.