Vest-Telemark: ein felles bu- og arbeidsmarknad
Vest-Telemark er ein felles bu- og arbeidsmarknad. Heile regionen kan sjåast under eitt når ein skal vurdere aktuelle jobbar. Det er fullt mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ein annan. Familiar som flyttar til Vest-Telemark finn ut at ein godt kan finne to interessante jobbar ved å leite litt utanfor den kjende kommunegrensa.
Oversikt over arbeidsgjevarar i Vest-Telemark
Arbeidsmarknaden i Vest-Telemark er representert ved eit stort mangfald av offentlege og private arbeidsgjevarar. For å gje deg eit bilete av dette jobbar me no med å samle alle arbeidsgjevarane i regionen i ein felles bedriftsoversikt her på vest-telemark.no. Finn du ei bedrift du synest verkar interessant for deg kan du ta kontakt eller sende ein open søknad.
Kø-fri sone
Alle som har budd i by veit at ein halvtime går fort når køen står. I Vest-Telemark er det ikkje kø. Sjølv om avstanden viser fleire kilometer, treng ikkje reisetida vere lengre enn det ein normalt reknar som OK i bynære strøk.
Frå hausten 2013 er det ledig ei stipendiatstilling innan prosjektet «Musikk, materialitet og læring» ved institutt for folkekultur på Rauland.