HEIM > Forsideinnhold > Nyheter



    Nyheter

    Torsdag 29. august bør du ta turen til Tokke kulturhus for å bli oppdatert på kva Vestlandsbanen er, og kva den kan bety for utviklinga i Vest-Telemark.

    I dag, 5. august 2013, er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. 22 år gamal sette han seg eit stort mål; å utvikle eit norsk skriftspråk tufta på talemål frå heile landet. Slik endra han den språklege framtida i Noreg.

    «Hurra fe Norseman 2013!!» skreiv Øyfjell-jenta Marie Veslestaul entusiastisk på bloggen sin då ho fekk stadfesta at ho på ny var sikra plass i ein av verdas mest ekstreme tevlingar - Norseman Extreme Triathlon. I morgon tidleg går startskotet!

    I mørkret på bygdemuseet i Øyskogen kan du i kveld oppleve feiande slagscener, kjærleik, kristning, intriger og humor. Denne helga blir nemleg dei tradisjonelle Olsokdagane i Fyresdal arrangert.

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag feirar i år 100-årsjubileum. Dette vil lokallaget i Rauland/Vinje, saman med fylkeslaget, markere med triveleg støylsdag på Lega i Øyfjell sundag 28. juli.

    Svein Olav Lien frå Grungedal i Vinje er ein ihuga skientusiast og sjølvutnemd bygdepatriot. No har han og dei ekstreme skigledene hans blitt portrettert i dokumentarfilmen «Freeriders». Sjå filmen her!

    - Vil du bli sjefen vår, spør denne gjengen i Telemarks største lokalavis, Vest-Telemark blad. Avisa søkjer etter redaktør i 100 % fast stilling. Den spennande stillinga passar godt for ein kreativ og samfunnsengasjert person med pågangsmot og arbeidsvilje.

    Sjølv om næringshagen no har fått stadfesta at dei ikkje får SIVA-medlemskap ved årets tildeling, vel likevel Telemark fylkeskommune å gå inn med økonomisk støtte til næringshagen dei neste åra.

    Denne veka blir Vrådal møteplass for 300 unge Solskjær‘ar, Ronaldo‘ar og Messi‘ar. I dag blir den tradisjonsrike fotballskulen på ny sparka i gang!

    Landskappleiken samlar omlag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar dei fem junidagane kvart år. I år er det Røros som er vertskap for tevlinga der Vest-Telemark som vanleg er godt representert. 

    I sommar kan du ta med borna dine på eventyrverkstad på Vest-Telemark museum i Eidborg! I samband med utstillinga der museet syner fram illustrasjonar til Asbjørnsen og Moes eventyr skal borna få høve til å gå inn i eventyrverda på sin måte.

    Neste veke blir Kanalveka arrangert i Kviteseid for fyrste gong. Det betyr at det vil skje mange trivelege aktivitetar i Kviteseidbyen.

    Denne helga er det klart for den årvisse og tradisjonsrike marknaden på Dalen, der mellom anna 10-årsjubilanten «Ni Liv» skal halde konsert.

    Magasinet «Hytteliv» har kåra landets mest inspirerande hytte. Og nei, vinnaren er ikkje eit palass med basseng, badstoge og varmekablar. Vinnaren er Gunhild Momrak si sjølvbygde hytte på 15 kvadratmeter!

    Sjå film frå Vierli, skote i april. "This might be one of the heaviest park edits that we’ve ever seen", melder magasinet Transworld SNOWboarding.

    Har du skrivekløe og ein gryande forfattar i magen? Meld deg på skrivekurs på Raulandsakademiet i sommar!

    Institutt for folkekultur ved Høgskulen i Telemark inviterer til avslutningsdagar med utstillingar, konsertar og Fashion Fesjå - catwalk 7. - 9. juni.

    Er det liv laga for gamle gummislangar? Ja, med ein god vask og litt kreativitet kan slangen få eit nytt og spenstig liv!

    48 ordførarar har gått saman om eit felles opprop til Stortinget om høghastigheitsbanar. Dei seks Vest-Telemarkordførarane er sjølvsagt med på oppropet.

    Plantefarging er den eldste kjente fargeteknikk nytta på tekstil. I sommar kan du utforske den spennande prosessen på Raulandsakademiet.

    Vest-Telemark har heile fire nominerte kulturutøvarar som kan motta Drømmestipend frå Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping i morgon!

    Svolten på kunnskap om å lage sunn og god mat, heilt fri for animalske ingrediensar? Då kan dette kurset vere noko for deg.

    Brenn du for å ta vare på verneverdige omnar? I sommar kan du lære restaureringsteknikkane på Raulandsakademiet.

    I morgon blir bygdedagen arrangert i Øyskogen. Her blir det utstillingar, aktivitetar og underhaldning heile dagen.

    Rakubrenning er ein spanande form for å brenne keramikk. I sommar kan du lære teknikken frå den anerkjente folkekunst-meistaren, Erzsebet Kabai.

    Om det er ein frukost du bør stå opp til i løpet av året så er det denne! Ta turen til Dalen på laurdag.

    Meld deg på ølhønekurs på Raulandsakademiet og lag ditt eige stemningsskapande drikkekar til årets sommarfest!

    Skodespelarspire mellom 7 og 16 år?
    No kan du melde deg på teaterworkshop i Fyresdal!

    Er du kreativ og trivst å jobbe med naturmaterialar? Då kan eit pilflettingskurs vere noko for deg. 

    Fyrstkomande laurdag er det sesongopning av turmarsjen Lårdalstigen.

    Drøymer du om å designe og lage ditt eige smykke? I sommar har du høve til dette på Raulandsakademiet.

    Kl 09.00. idag avslørte dei dyktige 9. klassingane i Seljord, for pressa og oss andre, kva dei har jobba med i vår!

    9. klasse ved Seljord ungdomsskule har denne våren jobba med prosjektet "Ta Seljord i bruk" - frå ungdom til ungdom. Målet har vore å lage ei eiga webside om Seljord.

    Frå hausten 2013 er det ledig ei stipendiatstilling innan prosjektet «Musikk, materialitet og læring» ved institutt for folkekultur på Rauland. 

    Kva med å lage eit plagg ingen har make til i gode naturmaterial? Gå på basiskurs i toving med ull og silke på Raulandsakademiet i sommar!

    I Øyfjell i Vinje blir det baka eit heilt spesielt flatbrød.

    Nok eit år har gode folk sauma ihop ei finfin sommarbrosjyre for Vest-Telemark. 

    Få grunnleggande innføring i dragestilen i norsk treskjerartradisjon. Ta eit kurs på Raulandsakademiet i juni.

    10. og 11. mai vert det vårmarknad på Dyrskuplassen i Seljord igjen. Marknaden vert avslutta med konsert med Morten Abel på laurdag kveld.

    Det blir aktivitetsveke for ungar på Raulandsakademiet i sommar. Spikking, friluftsliv, tekstilarbeid, sølvarbeid og matlaging står på programmet.

    Sjekk ut tomtemoglegheiter og bustadfelt i Seljord kommune. 

    Ta med deg vener og kjende og møt våren i Lårdal! Sundag 28. april blir det NM i Kaste på stikka, vårmarknad og felles rusletur i Vest-Telemarks svar på Syden.

    Hitec Products avd. Treungen søker etter ein dyktig CAD-designer. Verksemda har hovudkontor i Stavanger og har nyleg opna kontor i Singapore.  

    Veronika Glitsch, ein av Noregs mest spennande klesdesignarar held kurs i redesign på Raulandsakademiet i sommar. Den gamle favorittbuksa di kan bli til ein tøff kjole!

    Telemarkguiden vil styrke opplæringa for guidar, og tilbyr i 2013 gratis opplæring til bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å heve si kompetanse. 

    Sommarkurs på Raulandsakademiet: Lær laftekunsten av mannen som sto for gjenreisinga av vakre Holmenkollen kapell. Kva med å setje av eit par veker for å lafte di eiga hytte?

    Saman med næringsforeiningane i alle dei store byane i Sør-Noreg arrangerte Vest-Telemark Næringsutvikling eit møte om utbygginga av IC- og høgfartsnettet, i samband med NTP 2014-2023, i Oslo den 14. mars. 

    Regionrådsordføraren vår, Kviteseidordførar Torstein Tveito, vart laurdag 6.april kåra til årets ordførar i Senterpartiet.

    Det fantastisk velutvikla og spennande kurstilbodet på Raulandsakademiet er ukjend for mange. 

    Det vert arrangert fleire flotte turrenn i vestfylket i påska. Her er noko for både mosjonistar og racerar, store og små.



    This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.