Korleis skaffe seg bustad?
Annonser
I tillegg til Finn.no bør du følge med i lokalavisa Vest-Telemark Blad (VTB). Mykje blir aldri lagt ut på Finn. Det er også mogleg å abonnere på VTB på nettet.
Jungeltelegraf
Har du kjende i Vest-Telemark så bruk dei for det dei er verd. Be dei ha antennene ute og spørje seg for i lokalmiljøet.
Prøvebustad
Ein prøvebustad er for deg som vil teste ut korleis du trivast i Vest-Telemark, utan å brenne alle bruer der du no bur. Det er mogleg og leige prøvebustaden for ein avgrensa periode. Fleire av kommunane i Vest-Telemark har ferdige skisseprosjekt. Per dags dato er ein prøvebustad ferdig og den står i Øyfjell i Vinje.
- Les meir om prøvebustadprosjektet her
- Les meir om Øyfjell og prøvebustaden på Øyfjell sine heimesider: www.øyfjell.no