HEIM > BU > Legat i Vest-Telemark > Tokke-legatet


Tokke-legatet

- det gode liv på landet


Tokke-legatet

Legatet er til for personar heimehøyrande i Tokke kommune som tek utdanning utover vidaregåande skule, eller til personar, lag og foreningar som ytrer hjelp til eldre og andre trengjande. Legatet gjev også stipend til utdanning innan klassisk musikk.

Legatet sitt føremål: 

  • Å gje stipend til utdanning utover vidaregåande skule
  • Å gje hjelp til eldre og andre trengjande, også til lag og foreningar som har som føremål å hjelpe eldre og andre som treng det 
  • Å gje stipend til utdanning innan klassisk musikk
  • Til sosiale aktivitetar og ferietilbod til psykisk utviklingshemma born og unge

Legatet kan delast ut til både personar, lag og foreningar.

Utdeling/søknadsfrist:

  • 30. september
  • Søknad skal sendast i vanleg brev eller per e-post. Søknaden må ha vedlagt oppstilling over, eller anna dokumentasjon, av utgifter til tiltaket, og dokumentasjon på deltaking i utdanningstilbod.

Kontakt:

Send søknad til Tokke-legatet v/Tokke kommune, økonomi, Storvegen 60, 3880 Dalen - tlf. 35 07 52 00 - e-post: signe.b.krogSPAMFILTER@tokke.kommune.no <signe.b.krogSPAMFILTER@tokke.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.