HEIM > BU > Legat i Vest-Telemark > Tokke kommunes kyrkje- og kulturfond


Tokke kommunes kyrkje- og kulturfond

- det gode liv på landet


Tokke kommunes kyrkje- og kulturfond

Avkastinga frå fondet på ca. 2 millionar kroner kan nyttast til ulike tiltak innan kultur.

Legatet sitt føremål:

  • Gje tilskot til særskilt kostbart utstyr og tilskot til kulturtidsskrift, bygdebøker, etc.
  • Tilskot til særskilde arrangement, tiltak eller prosjekt.
  • Stipend til kulturarbeidarar som gjer ein særleg innsats innanfor det utvida kulturomgrepet i kommunen.
  • Tilskot til tiltak for betring av born sine oppveksmiljø.
  • Kulturprisen skal dekkast av fondsmidlane om Kultur- og oppvekstutvalet gjer framlegg om utdeling. Det kan ytast tilskot til andre tiltak dersom Kultur- og oppvekstutvalet tilrår dette.
  • NB: Berre personar/organisasjonar i Tokke kan søkje.  

Utdeling/søknadsfrist:

15. mars. Søknadsskjema blir lagt ut på Tokke kommune si heimeside.

Forretningsførar:

Send søknaden til Tokke kommune, Kultur- og oppvekstutvalet, 3880 Dalen. - tlf. 35 07 52 00 - e-post: postmottakSPAMFILTER@tokke.kommune.no <postmottakSPAMFILTER@tokke.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.