HEIM > BU > Legat i Vest-Telemark > Aasmund Norgaards legat


Aasmund Norgaards legat

- det gode liv på landet


Aasmund Norgaards legat

Gjev stønad etter behov til vidaregåande utdanning, særleg i praktisk retning, til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke og Vinje kommunar. Gjev også stønad etter behov til opphald ved folkehøgskule til ungdom frå Telemark.

Aasmund Norgaard vart fødd på Dalen 14. mai 1859. Flytta til Skien og døydde barnlaus 10. juni 1938. I Skien overtok han fleire eigedomar, m.a. eigedomen Søndre Mæla, og starta opp vassverk i 1906. Vassverket forsynte delar av Gjerpen og Skien med vatn. Alle hans økonomiske disposisjonar danna grunnlaget for legatet. Legatet vart oppretta 13. februar 1919.

Legatet sitt føremål:

  • Gje stønad etter behov til vidaregåande utdanning, særleg i praktisk retning, til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke og Vinje kommunar
  • Gje stønad etter behov til opphald ved folkehøgskule til ungdom frå Telemark

Utdeling/søknadsfrist:

  • 10. januar kvart år på eige søknadsskjema (sjå under)

Legatstyret:

  • Torgeir Nordal, Nissedal - leiar
  • Rolf Lien, Seljord - styremedlem
  • Sissel Bitustøyl, Rauland - styremedlem

> Last ned søknadsskjema



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.