HEIM > BU > Legat i Vest-Telemark



Legat i Vest-Telemark

Sida er under oppbygging.

Gjev stønad etter behov til vidaregåande utdanning, særleg i praktisk retning, til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke og Vinje kommunar. Gjev også stønad etter behov til opphald ved folkehøgskule til ungdom frå Telemark.

Ungdom frå Fyresdal, Nissedal, Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord som er tekne opp som elevar ved yrkesskule kan søkje stipend av dette legatet.

Til ungdom frå gamle Vinje kommune som tek vidareutdanning utover vidaregåande skule. Stipendet blir delt ut kvart 5. år. Neste gong i 2015. 

Legatet er til for personar heimehøyrande i Tokke kommune som tek utdanning utover vidaregåande skule, eller til personar, lag og foreningar som ytrer hjelp til eldre og andre trengjande. Legatet gjev også stipend til utdanning innan klassisk musikk.

For slitne husmødre i tidlegare Lårdal Herrad, til lækjarhjelp, kvile eller rekreasjon mot dokumentert utgift.

Avkastinga frå fondet på ca. 2 millionar kroner kan nyttast til ulike tiltak innan kultur.

Til utdanning for ungdom og hjelp til trengande busett i Høydalsmo sokn. 



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.