HEIM > BU > Ledige tomter i Vinje


Ledige tomter i Vinje

- det gode liv på landet


Ledige tomter i Vinje

Bustadgruppa i bygdeutviklingsprosjektet Liv i Vinje har arbeidd med å gjera tilgjengeleg tomter i Vinje skulekrins. Her finn du ledige tomter i Smørklepp og Bøgrend.

SMØRKLEPP: 2-3 naturtomter nært flott turterreng og kulturlandskap

Suiskog Negarden er naturtomt med plass til 2-3 bustader ved grendehuset i Smørklepp. Kort veg til Klevastøylåi med idylliske badeplassar og høve for fiske, flott turterreng vidare langs elva innover Støylsdalen (Smørkleppdalen). Kulturlandskapet i Smørklepp ber preg av mange spor etter gamle dyrkingsmåtar og lokal bygningskultur. Gang- og sykkelveg til kultursenteret Mjonøy og Vinje Biletgalleri.

  • Tomter er ikkje skild ifrå.
  • Vatn og kloakk må opparbeidast.
  • Veg fram til tomt må opparbeidast.

For meir informasjon ta kontakt med grunneigar Margit Christenson, margitrc@hotmail.com.

> LAST NED PROSPEKT

 

BØGREND/VINJE: 2 naturtomter med god utsikt ved bustadområde

Naturtomter i tilknytting til eksisterande bustader ved Grindheim, -også kalla Boligane. Ligg høgt og fritt med utsyn mot Vinjevatn, Ormeggine og Veggsfjell. Gangsti til Vinje kyrkje og skule/barnehage og nært turterreng og fiskevatn. Barnevenleg.

  • Tomter er skild ifrå.
  • Høve til å knytte seg til eksisterande kommunalt vatn- og kloakkanlegg.
  • Veg fram til tomt må opparbeidast.

For meir informasjon ta kontakt med grunneigar Vinje kommune eller bustadgruppa i Liv i Vinje (Sigrid Vesaas, sigrid.vesaas@gmail.com)

> LAST NED PROSPEKT

 
HAR DU LEDIG TOMT?

Bustadgruppa har ved fleire høve bedt folk flest, og ikkje minst grunneigarar, om å koma med innspel på potensielle tomter, både på måndagsmiddagar, på heimesida og i fleire bygdebrev. Det er enno ikkje for seint å koma med innspel!

Ta kontakt med bustadgruppa - Sigrid Vesaas - sigrid.vesaas@gmail.com



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.