SAMARBEID OVER KOMMUNEGRENSENE
Vest-Telemarkrådet er regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Rådet løyser felles spørsmål for dei deltakande kommunane, og står som koordinator for ei rekkje samarbeidstiltak i regionen. Vest-Telemarkrådet har ei viktig rolle innan kontakt og samarbeid med stat, fylkeskommune, regionråd og andre organisasjonar.
Gjennom samarbeid ynskjer me å finne dei beste løysingane på felles utfordringar.
Aktuelt
Spennande seminar om lyntog i Bø 17. juni. Økonomiprofessor Øystein Noreng innleier.
48 ordførarar har gått saman om eit felles opprop til Stortinget om høghastigheitsbanar. Dei seks Vest-Telemarkordførarane er sjølvsagt med på oppropet.
12. juni vert det møte for Vest-Telemarktinget i Morgedal.
21. mai vert det rådsmøte i Morgedal. Blant orienteringssakene står folkehelse i Telemark på programmet.
Øystein Torsås har leia IKT-samarbeidet i regi av Vest-Telemarkrådet dei fyrste månadane. Øystein avsluttar oppdraget sitt idag, og me takkar for innsatsen.
Regionrådsordføraren vår, Kviteseidordførar Torstein Tveito, vart laurdag kåra til årets ordførar i Senterpartiet.
Vest-Telemarkrådet har denne gongen m.a. invitert representantar frå Miljøforum i Vinje for å orientere nærare om ein prosjektidé innafor avfallshandtering.
Vil du vere med og “lage ringar i vatnet”?
Lyntogseminaret på Kongsberg 11. mars må diverre avlysast.
Vest-Telemark Rådet, Midt-Telemark Rådet og Kongsbergregionen samarbeider om eit spennande lyntogseminar på Kongsberg 11. mars. Politikarar, næringsliv og andre interesserte er velkomne til m.a. å høyre prosjektleiar Ottmar Grein frå Deutsche Bahn fortelje om deira utgreiingar om lyntog i Noreg.