HEIM > Aktør > Vest-Telemark PPT IKS > Om oss


Pedagogisk psykologisk teneste i Vest-Telemark

Vest-Telemark PPT IKS
Telefon: 35 06 83 00
Fax: 35 06 83 01
E-post: pptSPAMFILTER@vest-telemark.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Besøksadresse:
Mylletorget
Garveriv. 14, Kviteseid

Postadresse:
Postboks 43
3836 Kviteseid


Om oss

Vest-Telemark PPT IKS er ei pedagogisk psykologisk teneste som blir drive som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune. Tenesta har kontorstad i Kviteseidbyen, men yter tenester lokalt i alle eigarkommunane.

Føremål med tenesta

Vest-Telemark PP-teneste er ei rettleiingsteneste som skal bidra med kompetanse i barnehage, skule og lærebedrifter med tanke på å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til barn, elevar, lærlingar og lærekandidatar med særlege behov.

 

PPT skal óg sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering når lova krev det. PP-tenesta vurderer om det er behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i grunnskule, vidaregåande opplæring og for vaksne med rett til spesialundervisning.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering ved:

  • framskunda eller utsett skulestart
  • heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta
  • behov for teiknspråkopplæring
  • behov for punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte
  • sakkunnig vurdering ved søknad om inntak på utdanningsprogram i vidaregåande skule på særskilt grunnlag

Føresette, barnehagar og skular / opplæringsinstansar kan kontakte PPT når dei er bekymra for utviklinga til barnet/eleven.

Me samarbeider breidt:



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.