HEIM > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Prosjekt


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark


Prosjekt

Vest-Telemark Næringsutvikling v/dagleg leiar driftar Vest-Telemark Næringsbygg. Elles er alt VTNU gjer organisert som prosjekt og avhengig av ekstern finansiering. Dette søker VTNU fyrst og fremst frå det sentrale verkemiddelapparatet i stat og fylke.

VTNU er ikkje-kommersielle på den måten at det økonomiske overskotet vert førd inn i nye eller eksisterande regionale utviklingstiltak.

Oversikt over prosjekta som VTNU driv idag:

På grunn av manglande/utilstrekkeleg interesse for utbygging av breiband-infrastruktur på kommersielt grunnlag, har det vore eit organisert samarbeid om slik utbygging i Vest-Telemark sidan 2004/2005.

VTNU driftar Vest-Telemark Næringsbygg AS (VTN).

Vegen frå idéstadium og fram til bedriftsetablering kan by på utfordringar, og ein tek ofte val av avgjerande karakter. På Etablerarkontoret i Vest-Telemark kan du få hjelp og rettleiing i denne fasa.

VTNU AS er sekretariat for innkjøpssamarbeidet mellom 8 kommunar i Midt- og Vest-Telemark.

Dei siste åra er det bygd ut nokre mobilmaster basert på eit spleiselag mellom stat, kommunane og tenesteleverandøren (Telenor blei vald etter konkurranse).

Bakgrunnen for prosjektet er manglande vedlikehald og investering på vegsektoren i Vest-Telemark og eit ynskje om eit systematisk samarbeid for om mogleg å påverke situasjonen.

Prosjektet VandreTelemark er ei felles interkommunal satsing på vidareutvikling av vandreproduktet i Vandreregionen (Vest-Telemark, Hjartdal og Tinn)



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.