HEIM > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Bedriftsrådgjeving


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling
Telefon: 952 09 662
E-post: haldor.kaasinSPAMFILTER@vtnu.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Kviteseidgata 18
3850 Kviteseid


Bedriftsrådgjeving

VTNU jobbar med regional utvikling og kan tilby rågjeving og hjelp til:

  •  Næringsdrivande og bedrifter
  •  Privatpersonar/etablerarar
  •  Tilflytting av bedrifter til regionen
  •  Samarbeidsprosjekt mellom bedrifter.

Døme på hjelp/assistanse kan vere:

  •  Prosjektvurdering/diskusjonspartnar
  •  Økonomistyring
  •  Bedriftsutvikling
  •  Rettleiing i utforming av søknadar
  •  Oppstartshjelp
  • Kontakt med finansieringsinstitusjonar.

All kontakt med VTNU er konfidensiell om ikkje anna er avtala.

Dette er fyrst og fremst ei teneste for allereie etablerte bedrifter, også innan landbruk, men samarbeidet med Etablerarkontoret er tett.

På VTNU er det desse som jobbar mest med bedriftsrådgjeving:

Børge Skårdal

Spesialfelt: IKT, infrastruktur, generell bedriftsrådgjeving.

Børge er siviløkonom og har arbeidserfaring frå handel, sjukehusdrift, mekanisk industri, IT-rådgjeving og næringsutvikling. Han har jobba som rådgjevar, dagleg leiar og styreleiar.

Svein Henriksen

Spesialfelt: Etablerarsaker og generell bedriftsrådgjeving.

I tillegg til å drifte Etablerarkontoret i Vest-Telemark driv Svein generell bedriftsrådgjeving saman med resten av teamet på VTNU. Han har jobba mykje med næringsutvikling og har arbeidserfaring frå Skatteetaten, støperi- og mekanisk industri, trelast- og sagbruksbransjen og stab- og støttefunksjonar i Telenor. Svein har jobba som økonomisjef, førstekonsulent og rådgjevar.

Haldor Kaasin

Spesialfelt: Juridisk- og finansiell rådgjeving, næringsetablering.

Haldor er dagleg leiar av Vest-Telemark Næringsutvikling og Vest-Telemark Næringsbygg. Han har arbeidserfaring frå Rikstrygdeverket, og har elles jobba som næringssjef, juridisk konsulent og banksjef i DnB NOR.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.