Heim > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Aktuelt > ZuluLAN 2012


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling
Telefon: 35068400
E-post: haldor.kaasinSPAMFILTER@vtnu.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


ZuluLAN 2012

Lan-party i Kviteseid samlar ungdom frå heile Vest-Telemark 16.-18. mars

Rusfri samling for ungdom frå heile Vest-Telemark

Ei gruppe frivillige ungdom og vaksne arrangerer årleg eit Lan-party (datavake) for ungdom frå 8. klasse til og med 3. klasse i v.g. skule. Ansvarleg for arrangementet er Kviteseid Internettcafe i samarbeid med m.a. Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark. Dei tre føregåande datavakene har hatt ca. 100 deltakarar i løpet av helga.

Her vert det spel, ulike aktivitetar og konkurransar - og veldig fine premiar!!!

Påmelding - vil du vera med?

Søknadsfristen er 9. mars, men dersom det framleis er ledige plassar, kan du koma i døra også.

Arrangementet er eit rusfritt, haldningsskapande arrangement for ungdom frå heile Vest-Telemark.

Me har fokus på:

  • Hovudtema 2012: NETTVETT
  • Helse og ernæring
  • Tryggleik og sjølvtillit gjennom meistringsopplevingar

Det langsiktige, regionale perspektivet

Arbeidsgruppa ynskjer å lage eit arrangement som kan vera eit supplement til eksisterande tilbod for ungdom i regionen. Dei håpar at eit slikt årleg tiltak kan bidra til at ungdom tenkjer positivt om oppveksten sin. På sikt vil dei kanskje trekke tilbake til distriktet og blir ressursar for heimbygda si?

16. - 18. mars 2012

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  V