Vellukka lyntogkonferanse
Over 100 lyntogekspertar, politikarar og representantar frå næringslivet var samla til lyntogkonferanse i Oslo fredag 11. mai. Her kan du høyre lydopptak, og sjå bilete frå konferansen.
Næringsforeningane frå Oslo, Bergen, Stavanger, Haugesund, Kristiansand, Trondheim, Ålesund og Vest-Telemark hadde samla seg for å arrangere konferansen. Målet for konferansen var å sette fokus på høgfartsbanar i fleirbrukskonsept, og å få fleire fagmiljø inn i diskusjonen om lyntog i Noreg. Eit av lyntogkonsepta som vart synt fram var Deutsche Bahn sine utgreiingar for lyntog i Noreg.
